Anmeldinga er basert på dei to første episodane.

2013 vert spennande for TV-seriesjåarar, og Netflix hopper tidleg uti med båe beina. Med sin første heileksklusive serie vil dei rokke litt ved TV-verda, deriblant ved å leggje ut heile sesongen på ein gong den 1. februar.

Eg innrømmer gjerne at eg er svak for politisk spel, og manipulative meisterhjerner. Men då skal dei sanneleg vere godt skrive òg. Dette klarer House of Cards ypparleg.

Med Kevin Spacey i sentrum, David Fincher på regi, og manusforfattarar i verdsklasse, har serien foreløbig heva og sett lista for serieåret 2013.

Les også: – Den beste måten å se TV på, sier Kate Mara.

Kynisk innpiskar

House of Cards sin første episode startar i desse dagar, på ein nyttårsfest i 2013 før Inauguration Day – dagen då presidenten vert teken i eid etter valet.

Francis Underwood (Kevin Spacey), ein kynisk innpiskar i kongressen, har hjelpt ein karismatisk TV-flink presidentkandidat til siger og ventar seg utanriksministerstillinga til gjengjeld. Den får han ikkje.

Arbeidet hans på Capitol Hill vert dermed noko litt anna. Underwood og hans apparat tek sikte på å senke den sitjande makta med politisk spel i beste Machiavellianske stil. Han vert senter i ei stor maktkabal, som forsøker å behandle landets mektigaste som sjakkbrikker.

Les også: I 2013 må du se opp for denne gjengen

(Artikkelen held fram under bileta.)

House of Cards. (Foto: Netflix)
Handlingane mellom journalisten Zoe og poltikaren Francis er sentrale i starten av sesongen. (Foto: Netflix)

Britisk opphav

Aller helst – iallfall kunstnarisk sett – ville nok Netflix og David Fincher ha ynskt at USA hadde fått ein ny president i år. Den opphavlege serien kom idet Margaret Thatcher gjekk av som britisk statsminister, noko som gav ein ekstra dimensjon til forteljinga som først dukka opp i 1990.

I den britiske originalen heitte hovudpersonen Francis Urquhart, og vart syrleg spelt av Ian Richardson, som hovudsakleg vart kjend for eit utspekulert men herleg politisk vagt sitat:

– You might very well think that; I couldn’t possibly comment.

I Storbritannia har setninga blitt litt som vårt norske «bob-bob, ikke sant?», ein replikk som lev vidare i språket lenge etter seriens slutt.

Fantastisk Spacey

Kevin Spacey følgjer i same ånd, men med ei herleg sørstatsdialekt. Punktleg, syrleg, og med fullstendig kontroll over omgivnadene. Å få fram så mykje kjensler med eit så kaldt ansikt er ei fantastisk styrke.

Kevin Spaceys harde blikk. (Foto: Netflix)
Spaceys kalde blikk. (Foto: Netflix)

Velartikulert speler han seg ikkje berre gjennom den verkelege verda, men òg direkte til oss. Med jamne mellomrom bryt han ut av handlinga, ser direkte i kamera, og sjarmerer oss med den same sylvtunga som han driv Washington med.

Eit herleg grep som kan verke uvant, men som alt frå første scene gir ekstra tyngde til Underwood sine handlingar.

Folk som er allergiske mot såkalla Sorkinisms – replikkar som er så skarpe at folk i den verkelege verda eigentleg ikkje burde klare å seie dei – kan kanskje reagere sameleis her. På eit tidspunkt omtalar han kona si på følgjande vis:

– Eg elskar ho som haiar elskar blod.

Ifølgje Netflix sjølv er den største likskapen mellom opphavet og den nye serien i første episode, før amerikanarane så går vekk frå den opptrakka stien. Om du kan sjå den britiske utan fare for spoilers skal eg derimot ikkje garantere.

Les også: Netflix: Arrested Development tilbake i mai

Mørkt og dystert

Manusforfattar Beau Willimon held fram i same stil som har gjorde med fjorårets Maktens menn. House of cards penser litt innpå same feltet – det ekstreme arbeidet for å dysse ned og løfte opp rykte og hendingar for å fremje si eiga sak.

Eg skal ikkje ein gong forsøke å begi meg ut på introduksjonar av alle karakterane. Basert på karakterrikdommen i dei to første episodane har eg neppe sett alle enno, og basert på Willimons tidlegare arbeid har nok absolutt alle har ein agenda, sjølv om dei kanskje ikkje er like openbare i starten.

I dei to første episodane byggjer Underwood opp eit spel som er imponerande, og i Finchers regi vert det heile framsynt i eit kaldt og mørkt Washington som speglar Underwoods sinn. Fincher kan dette med å trekke fram éin person og byggje verda rundt den. Ei scene der Underwood avleverer slutten av replikken sin med ansiktet i totalt mørkre gav meg frysningar.

Djupe basstonar vert nytta for å underbyggje stemninga når Underwood set i gang. Lat oss berre håpe at historia vert like sterk både audielt og visuelt sett når andre regissørar enn Fincher tek over stolen.

Anmelding: Andre sesong av American Horror Story byr på blod, gørr og grøss!

(Artikkelen held fram under bileta.)

House of Cards. (Foto: Netflix)
Spacey som sosial kameleon – her med den minst like maktsultne kona Claire (Robin Wright). (Foto: Netflix)

Når korthuset fell

Eg kan av naturlege årsaker ikkje konkludere om heile sesongen basert på det eg har sett. Men oppbygginga legg opp til store maktintrigar og eit spel ikkje heilt ulikt det ein allereie har sett i Kelsey Grammer-serien Boss.

Og eg elskar det. Eg gler meg til å sjå når seriens metaforiske korthus til slutt kjem til å falle.

Noko av det mest interessante er korleis sjåarane takler det å kunne sjå ein heil sesong av noko heilt nytt samtidig. Vil spenningsbyggjinga frå veke til veke fungere på same vis når alt kjem samtidig? Vil lunsjdiskusjonane i kantina dele folk inn i kor mange episodar dei har orka å sjå samtidig?

Vel, det gjenstår å sjå. Foreløbig kan eg berre anbefale House of Cards på det varmaste, dette er ein maktdemonstrasjon frå Netflix.

Anmeldinga er basert på dei to første episodane. House of Cards kjem eksklusivt til alle Netflix-regionane – òg Noreg – den 1. februar.

Oppdatert, 13. februar: House of Cards vil etter kvart kome i «fysisk form» (DVD) til heimemarknaden etter kvart (ingen dato satt), og er innkjøpstilgjengeleg for TV-kanaler stader der Netflix ikkje er – til dømes store deler av Europa.

Om SERIEN

  • Slippdato: 1. februar 2013
  • Sesong: to episoder av S01
  • Regi: David Fincher (m.fl.)
  • Utgiver: Netflix
  • Sjanger: Drama, TV-Serie