Det neste Assassins Creed-spelet kjem i løpet av neste år. Dette avslørte Ubisoft-sjef Yves Guillemot på ein presentasjon av Ubisofts finansrapport i går.

– Me er glade og stolte av å annonsere i dag at me i rekneskapsåret 2014 (altså etter april 2014-journ. anm.) vil introdusere ein heilt ny Assassins Creed-helt, med eit nytt lag og tidsperiode, og me ser fram til at det vert eit nytt hopp framover for merkevara, seier Guillemot til blant andre Polygon.

– Det er ein fordel med fleire lag som arbeider på fleire kapittel av produktet, slik at kvar får fleire år å lage sin versjon av Assassins Creed-spela.

Han la òg til at fleire detaljar, mest sannsynleg rundt tid og stad for spelets historie, vil bli avslørt ganske raskt. Vert det Nikolai Orelovs Russland, eller kanskje Asia?

(Artikkelen held fram under biletet)

Assassin's Creed III: Liberation. (Foto: Ubisoft).
Assassin’s Creed III: Liberation. (Foto: Ubisoft).

Gode salstal, òg for Vita-versjonen

Å bytte ut helten er på linje med det selskapet har sagt tidlegare, dei tenkjer langt fram i tid med denne serien, og ynskjer med byter som dette å halde serien frisk, trass utgivelsesfrekvensen.

I likskap verker det som om dei går for Call of Duty-linja med å late fleire selskap utvikle spel i same franchise samtidig, slik at ein kan få ut spel med jamne mellomrom.

Sjå videointervju: Alex Hutchinson: – Spill har for få ikke-hvite helter

Hovudtemaet for praten var likevel Ubisofts gode sal. Indianerhelten Conner har tydelegvis slått an, for med 12 millionar selde eksemplar av Assassins Creed 3 er det det absolutt mest selde spelet i serien. Spelet slår dermed Assassins Creed Revelations med 70 prosent.

Også Vita-versjonen, med kvinnelege Aveline i hovudrolla under den amerikanske frigjeringskrigen, har seld bra. 600 000 eksemplar er ikkje så mykje alt teken i betraktning, men med rundt 4 000 000 selde Playstation Vita-maskiner er det eit godt tal for plattforma.

– Me vil ikkje avskrive PS Vita – om du har det rette produktet med den rette kvaliteten, kan det fungere, seier ein talsmann for Ubisoft til CVG.

Anmelding: Assassins Creed: Liberation: – Om du har en PSVita har jeg ingen problemer med å anbefale dette spillet til deg

Michael Fassbender. (Foto: Scanpix)
Michael Fassbender. (Foto: Scanpix)

Fleire AC-prosjekt på gang

I tillegg til spela, byrjer Ubisoft sine eigne filmprosjekt så smått å rulle. Filmen basert på Assassins Creed-serien – som Michael Fassbender skal produsere og spele hovudrolla i – har fått ein manusforfattar, det uskrivne bladet Michael Lesslie.

Filmen skal følgje spela, om ein bartender kidnappa av selskapet Abstergo for å reise tilbake i tid og gjenleve handlingane til sine snikmordar-forfedre.

Historia skal sentrere rundt Altaïr, helten frå det første Assassins Creed-spelet.

Les også: Assassins Creed vert film, med Michael Fassbender i hovudrolla

Ubisoft arbeider òg på ein Splinter Cell-film med Tom Hardy i hovudrolla som Sam Fisher, i tillegg er dei veldig tidleg i prosessen med ein film basert på Ghost Recon-spela.

Kva spelserier burde Ubisoft lage filmar av?