Rune Denstad Langlo. (Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix)
Rune Denstad Langlo. (Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix)

– Det var eit vendepunkt i livet mitt, eg var 25 år og opplevde mitt første møte med døden. Det var kanskje då eg vart vaksen, seier regissør Rune Denstad Langlo.

Då bestefaren døydde budde han saman med bestemora i tre dagar medan dei venta på begravinga. Hans første langfilmmanus er skrive i huset bestemora voks opp i, basert delvis opplevinga hans av dødsfallet, men i filmen Jag etter vind er kjønnsrollene bytt ut – unge Anna, og den gamle Johannes.

– Eg synest det høyrest meir interessant ut med ein gammal, gretten bestefar og ei ung energisk dotterdotter. Men ho er jo meg, eigentleg. Eg har skrive hennar rolle utfrå mine eigne ting. Men det hadde kanskje vore litt for personleg med ein gutt, så eg valde å snu om på det.

Sjølv om Jag etter vind ikkje handler om hans besteforeldres liv, så er det mange objekt frå livet deiras i filmen – verktøy, pyntegjenstander og andre rekvisitter.

– Det er til dømes stolane eg sat på som liten. Eg nytter slike ting for å gjere det emosjonelt sterkare for meg òg. Det hjelper ofte, òg på skodespelarar, at dei kan ta del i noko verkeleg.

Anmeldelse: Jag etter vind: – Inviterer til fundering over livet, døden og kjærligheten

Sven-Bertil Taube spiller Johannes i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Sven-Bertil Taube spiller Johannes i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Fekk svar i handskriven faks

Å dekke rollene som Johannes og Anna var noko av det viktigaste for Langlo, som starta med å caste Anna-karakteren først. Marie Blokhus dukka tidleg opp som eit aktuelt namn – nyutskriven frå Teaterhøgskulen – og han fekk raskt ein god magekjensle. Eit halvår før innspeling var ho klar for filmen.

Mot Blokhus speler den erfarne svensken Sven-Bertil Taube, som har vore på filmlerretet sidan 1949. Då dei først kontakta han, svara han i ein handskriven faks at han likte manus, men at han trudde det kom til å bli vanskeleg fordi han trass alt ikkje snakkar norsk. «Ingen problem», sa Langlo.

– Rune har jo lagt replikken i Johannes’ munn at «man måste holda på språket, eller forlora sig själv», og det forklarer jo kvifor den stae Johannes snakkar svensk, seier Taube begeistra, som først og fremst falt for temaet i filmen.

– Eg liker den typen film som arbeider med menneskers dramatikk, og ikkje berre ytre hendingar som biljakter og eksplosjoner og slikt. Her er det dramatikken inni personer der det har oppstått kaos på grunn av sorg og hendingar i livet deiras. Det er det denne filmen skildrar, og det tykkjer eg er spennande å få vere med på, seier Sven-Bertil Taube.

Langlo ville unngå nokre av dei største klisjeane i norsk utkantfilm. Trass eit vakkert kystområde finn du ingen gule sydvestar og helsetrøyer.

– Det eg hadde lyst på var ein anna gammalmanns karakter enn klisjeen i Noreg: Gamle menn i helsetrøye som sit og ikkje klarer å ta vare på seg sjølv. Eg ville ha ein konservativ, høgt utdanna, verbal, ordentleg fyr – som har det problemet at han ikkje kan kommunisere, men du ser at han er ein litt anna type. Då passar det godt med svenskar, for dei er jo litt sånn… mhm?

Langlo smiler. Alle rundt bordet skjøner visst kva han meiner.

Marie Blokhus og Sven-Bertil Taube i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Stille rundt bordet mellom Anna og bestefar Johannes (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Dialekter – ein får kjeft uansett

Tobias Santelmann, som me sist såg som radiooperatøren Knut Haugland i Kon-Tiki, speler Annas stillferdige eks-kjærast, Håvard. Han meiner at Langlo gav rett mengd fridom for å late skodespelarane kome i rett stemning, og at stillheita er vel så viktig som det som vert sagt.

– Det er ein humor i det Rune lager – han har funne sin signatur, noko spesielt i karakterane hans – og ofte er det den som gjer ei morosam scene, at pausane er akkurat slik dei er. Dette er inni hovudet og kroppen til Rune. Eg skjønte ofte ikkje kva som gjorde det morosamt, anna enn at eg høyrde Rune humre litt etter ei tagning. Då skjønte eg, kanskje eg traff det no?

I kystsamfunnet rundt Jag etter vind er det mange ulike dialekter. Langlo og produksjonsselskapet Motlys var meir på jakt etter gode skodespelarar enn folk med rett dialekt, men dei forsikrer meg om at alle har sin bakfabel i orden når det gjeld ulike opphav. Etter dialektstormen rundt Halvbroren er det kanskje ikkje anna å vente.

– Det er slik i Noreg, at når det gjeld dialekt, så får ein kjeft uansett. Du får kjeft dersom du trener skodespelarane til å snakke dialekta, fordi då gjer dei det ikkje bra nok. Også får du kjeft om dei ikkje snakker rett dialekt. Men ein får mest kjeft om dei ikkje snakker dialekta bra nok, så me tok eit valg – me valde å få minst kjeft, seier regissøren.

Les også: Ekte Røst-væringer ler av Arnold Nilsen

Marie Blokhus spiller Anna i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Marie Blokhus spiller Anna i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Vakre omgivnader

I likskap med Langlos førre film, Nord, går mykje av Jag etter vind føre seg i norsk natur og landskap – denne gongen på Stokkøya i Sør-Trøndelag. Ifølgje produsenten Sigve Endresen har Langlo mange idear, men ikkje alle heng like godt saman.

– Då eg pitcha denne ideen, så sa han «Denne høyrdest kongruent ut, så du får prøve på det». Så fór eg heim, og skreiv 77 sider på 7 dager. Og det er nok det Sigve meiner, at nokre historier er lettare å fortelje enn andre. Den historia var her utan at eg visste det, seier Langlo.

Tobias Santelmann og Marie Blokhus i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).
Tobias Santelmann og Marie Blokhus i Jag etter vind (Foto: Motlys / Norsk Filmdistribusjon).

Anmelding: Nord: – En pussig roadmovie om mennesker utenfor allfarvei

Tobias Santelmann lovprisen naturen på øya, og meiner folk bør kome seg dit sporenstreks:

– Eg har gjort meir teater enn eg har gjort film, og på teater så innbiller ein seg jo desse stadene. Fordelen med film er at ein ofte reiser dit. Det er så mykje himmel, det er så mykje hav, og så mykje ro på ein måte.

– Her behøver ein ikkje studio, for alt finst jo der. Ingen forstyrringar, ingen trafikk, ingen fly. Det var jo rolegare enn i eit studio! «Man behøvde inte at seia ‘tyst’, för det var ‘tyst’»! Det er jo eit privilegium og stimulerande å arbeide i eit slikt miljø, seier Taube.

Regissøren set pris på å vere utanfor studioet, og hevder at det er bra at ein ikkje alltid har kontroll.

– Det det gjer mest er at du er to månader ein stad, med staben, og det finst ikkje noko anna enn filmen. Det finst ikkje familie, det finst ikkje forstyrrande elementer. De er ein gjeng som er saman, det er som ein leirskule for vaksne. Og alle har fokus på filmen.

– Eg tykkjer det er gøy då. Å filme ute i all slags vær, og vere lang borte heimanfrå når eg gjer det. Det er vanskeleg å sjå føre seg at eg lager ein film i Oslo, når eg kan lage filmar i eit miljø eg kjenner godt.