Oppdatert: – Eg hadde eit møte med dei i førre veke der me snakka om mogelege måtar å ta historia vidare på. Så får me berre sjå kva som hender vidare, seier Tommy Wirkola til Filmpolitiet.

Hansel & Gretel: Witch Hunters har nådd Paramounts magiske 200 millionerdollarsgrense, og får dermed ei oppfølgjar. Det hardbarka eventyret til den norske regissøren Tommy Wirkola får dermed ein oppfølgjar, skriv mellom anna Deadline.

Jeremy Renner i Hansel and Gretel: Witch Hunters (Foto: SF Norge AS).
Jeremy Renner i Hansel and Gretel: Witch Hunters (Foto: SF Norge AS).

– Men det var det første møtet. Ingenting er skrive under enno, det er det ikkje.

Gjorde det best utanfor USA

Trass varierande kritikkar gjorde filmen det overraskande godt i land som Russland og Brasil, og med over 1 milliard kroner inntent på eit budsjett rundt 300 millioner kroner (ein del meir om ein tek med marknadsføring) er det kanskje ikkje så rart at dei håper på ei gjentaking.

I Noreg har filmen samla 62 591 besøkande, godt plassert innanfor kinoårets foreløpige topp 20-liste.

«Godkjend som B-film-underholdning,» skreiv Birger i si anmelding av filmen, som meinte historia absolutt la opp til fleire heksejakter med Jeremy Renner og Gemma Arterton. Renner har sidan innspelinga av filmen rukke å bli eit Hollywood-trekkplaster i seg sjølv, gjennom storfilmar som The Avengers og The Bourne Legacy.

Anmelding: Hansel & Gretel: Witch Hunters: – OK, så er ikke dette akkurat Schindlers liste

Fleire filmar i Wirkolas framtid

Dette vert med andre ord den tredje oppfølgjaren basert på eit Tommy Wirkola-manus som har fått klarsignal. For tida ferdigstillast Kill Buljo 2 med skodespelar Vegar Hoel i registolen, og Wirkola sjølv har forhåpningar om å starte innspeling av Død snø 2 i løpet av 2014.

Produsentane Will Ferrell, Adam McKay og Kevin Messick er venta å returnere – det same er kanskje Tommy Wirkola som regissør, sjølv om ingenting er bekrefta enno. Hansel & Gretel var ein av Wirkolas tidlege filmidear, der han nytta seg av fleire norske skodespelarar i biroller:

– Dei er akkurat like gode som svenske, danske og amerikanske for den saks skuld, sa han i intervju med Filmbonanza tidlegare i år.

Kva bør Tommy Wirkola gjere med ein Hansel & Gretel-oppfølgjar?