Marvel-sirkuset ruller vidare, og no er den siste Iron Man 3-traileren ute. Og Robert Downey Jrs. rollefigur – Tony Stark, mannen i jarndrakta – har det ikkje særleg bra.

Iron Man 3 skal vere laust basert på teikneseria Extremis av forfattaren Warren Ellis (Transmetropolitan) som omhandler eit virus som kan omskrive menneskeleg DNA. Guy Pierce speler Aldrich Killian, skaparen av viruset, som i teikneseria stel litt av det og gir det til terroristar.

Kor djupt filmen går inn på virusdelen av historia visest ikkje så mykje i traileren, som igjen fokuserer mest på action (og på kor mange Iron Man-drakter Tony Stark har til rådigheit).

Regissør og manusforfatter er Shane Black, som blant anna har gitt oss Dødeleg våpen og (den kanskje litt oversette?) Kiss Kiss Bang Bang.

Mogeleg kopling til komande filmar

Meisterhjernen The Mandarin, spela av Ben Kingsley (Gandhi, Hugo), er lagt til historia som filmens hovudskurk. Han verker å gå etter Pepper Potts, Tony Starks støttespelar og kjærast, for å rokke ved livet til Iron Man.

Ben Kinglsey spiller the Mandarin i Iron Man 3. (Foto: Marvel Studios).

I traileren kan du sjå dei ti ringane til The Mandarin, som i teikneseria er utomjordiske relikvier som gir han overnaturlege krefter. Dette er rykta å vere koplinga til den komande Guardians of the Galaxy-filmen, som omhandlar futuristiske superheltar i verdsrommet.

Det lilla romvesenet Thanos, som dukka opp på heilt på slutten av The Avengers, er deira erkefiende.

Chris Pratt, best kjend som Andy Dwyer i Parks & Rec skal spele hovudrolla i Guardians of the Galaxy og James Gunn – som sist laga den… ukonvensjonelle superheltfilmen Super skal regissere. Sistnemnde var òg manusforfattar på det bisarre videospelet Lollipop Chainsaw.

Les også: Kven er The Guardians of the Galaxy?

Superheltar i åra som kjem

Det vert dermed litt å følgje med på for Marvelheltfans i tida som kjem, med Iron Man 3 og Thor: The Dark World i 2013, Captain America: The Winter Soldier og Guardians of the Galaxy i 2014 og etter kvart Avengers 2 og Ant-Man.

I tillegg kjem Wolverine og X-Men: Days of Future Past og ein Fantastic Four-reboot frå 20th Century Fox, samt Amazing Spider-Man 2 frå Colombia Pictures.

DC Comics kastar seg etter kvart på med Supermann-filmen Man of Steel i år, og etter kvart ein Justice League-film rundt 2015. Det har gått mange rykter dei siste dagane om korvidt Christian Bale og Christopher Nolan skal returnere til serien. Me anser det som lite sannsynleg, men ingenting er bekrefta enno.

Kva superhelt burde bli film? Kjapp deg, foreslå det før Hollywood går lei av superheltar!

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.