Eg tipper at tv- og filmsjåarars store fascinasjon for seriemordarar det siste århundret kjem til å ende opp som ei eller anna antropologisk fallitterklæring over sivilisasjonen vår om nokre tusen år.

I The Following vert vår «glede» over å sjå altfor intelligente mennesker planleggje og utføre «perfekte» forbrytingar teken til eit høgdepunkt – iallfall reint mengdemessig.

Kvaliteten er ikkje på same toppnivå, men historia har nokre effektive grep som gjer den vanskeleg å slå av. Og Kevin Bacon har endeleg fått sin eigen tv-serie!

Karismatisk seriemordkultleiar

Ryan Hardy – spela av Kevin Bacon – speler ein alkoholisert eks-FBI-agent som vert henta attende til tenesta når hans «kvite kval» – seriemordar Joe Carroll – rømmer frå fengselet.

Tidlegare var Carroll ein karismatisk universitetsprofessor som drap 14 unge jenter i ly av å forelese om Edgar Allan Poe. Han har forsvunne langt inn i eit gotisk, morbid kunstunivers – og er spesielt oppteken av auger.

Men overraskande nok let Carroll seg fange igjen kort tid etter han rømmer. Det viser seg at han nytta tida i fengselet til å rekruttere følgjarar på internett – følgjarar som er minst like begeistra for godt planlagde mord som han sjølv er.

Dermed kan han lene seg tilbake, og følgje den fanatiske fansen sine gjeremål frå bak murane.

James Purfoy speler «Nattsvermeren»-inspirerte Joe Carroll. (Foto: FOX)
James Purify speler «Nattsvermeren»-inspirerte Joe Carroll. (Foto: FOX)

Avhengig av å gå vekk frå klisjeane

Manusforfattar er Kevin Williamson – mannen bak 90-talsskrekkfilmane Skrik og I know what you did last summer – og i serien forsøker han å leike med skrekksjangeren i ei form for metaforteljing.

Manusforfatter Kevin Williamson laga «Skrik». Han har ikkje lagt vekk sin forkjærleik for rare masker. (Foto: Sarah Schatz/FOX)
Manusforfatter Kevin Williamson laga «Skrik». Han har ikkje lagt vekk sin forkjærleik for rare masker. (Foto: Sarah Schatz/FOX)

Målet for Joe Carroll er nemleg å skrive ei bok, og slik fullføre Edgar Allan Poes siste verk. Dette gjer han ved å setje seg sjølv i rolla som skurken, og Hardy som helten. Kanskje er det Williamsons forklaring på kvifor nokre av figurane går litt i klisjéfella?

Den herja helten – flott spelt av Kevin Bacon – mot den karismatiske seriemordaren (som sjølvsagt er britisk), ein har sett det før. Det nye er måten han handterer seriemordarens kultistar.

For med Carroll i fengsel igjen er han avhengig av at lakeiane hans utfører arbeidet for han. Dermed slepp ein tradisjonell katt og mus-leik, og vår helt vert avhengig av å halde augo og sinnet opent.

Anmelding: The Raven: – Noen begår grusomme drap som ser ut til å være inspirert av Poes makabre historier.

Sterke bileter og situasjonar

Ein gong måtte jo nettverkskanalane som Fox følgje etter kabelkanalane som HBO og AMC. For dette er meir valdeleg og sterkt, og mindre humorfylt, enn den jamne Criminal Minds-serie. Samtidig tek den ikkje mogelegheita til å late seg vere så djup som Dexter på sitt beste.

Situasjonar som ein ihelpint hund (sterkt Se7en-inspirert), og ei kvinne med overraskande bruksområder for ei ishakke, er rystande, men ikkje særleg meir. Hittil prøver dei ikkje å seie noko om valdens påverknad på mennesker, eller kanskje til og med seie noko om korleis Carroll klarte å samle følgjarar så lett.

Valorie Curry i «The Following». (Foto: Fox)
Valorie Curry i «The Following». (Foto: Fox)

I tillegg ser eg for meg at Williamson litt for raskt kan ty til «Hah, du hadde ikkje venta at denne personen var i Carroll-kulten, hadde du vel?» kvar gong han skal overraske. Det fungerer fint med skjulte muldvarpar så langt, men kan bli slitsomt i lengda.

Les også: Dexters’ åttende sesong blir den siste

Lovande sidehistorier

Det er liten tvil om at Kevin Bacon er eit godt val som hovudmann. Han har både utsjånaden og skodespelereigenskapene til å spele ein sliten helt av dette slaget. Purefoys’ Carroll-skikkelse klarer å halde på spenninga, men burde kanskje lene seg mindre på Hannibal Lecter (ingen er vel som Anthony Hopkins).

The Following er intenst, og fylt med nok bråstøkkar for dei som elskar slikt. Premisset med dei mange seriemordarane er lovande, og gode figurar kan bringe dynamikk til ein serie som – om den berre hadde hatt éin skurk – raskt kunne ha blitt langdryg.

I ein av seriens første subplott er det eit trekantdrama som held spenninga. Valorie Curry – som du kanskje kjenner som ansiktet og stemma bak Kara – gjer ei forurolegande framføring som ein av Carrols fremste fans.

Om det vert meir av slikt kan The Following verte noko det er verdt å – orsak ordspelet – følgje vidare.

Om dette skulle vere noko for deg, sjå fram til ein andre sesong, Fox fornya den nettopp. The Following har premiere på TVNorge i kveld, 17. mars, klokka 22.00.