The Great Gatsby er opningsfilmen på filmfestivalen i Cannes, den 66. i rekkja. Dette melder festivalen sjølv, ifølgje blant andre THR.

Baz Luhrmann. (Foto: AP Photo/Peter Krame)
Baz Luhrmann. (Foto: AP Photo/Peter Krame)

Regissør Baz Luhrmann (Moulin Rouge, Romeo og Julie) får dermed Cannes-opningsfilmen i år – i 3D (den andre etter Up.

Sjølv er regissøren nøgd med å kome attende til eit land som betyr mykje både for hans karriere, og for boka som filmen er basert på:

– Ikkje berre fordi min første film, Strictly Ballroom, vart vist der for 21 år sidan, men òg fordi F. Scott Fitzgerald skreiv nokre av dei mest gripande og nydelege delane av den ekstraordinære romanen berre eit kort stykke unna, seier Luhrmann.

Forfattar Fitzgerald budde fleire år av livet sitt i Saint-Raphäel, lenger sør langs den franske rivieraen.

Anmelding: Moulin Rouge: – Når jeg dør vil jeg til Baz Luhrmanns univers!

Stjernespekka litterær klassikar

Great Gatsby er historia om den mytiske Jay Gatsby (spela av Leonardo DiCaprio) fortalt av Nick Carraway (Tobey Maguire). Sentralt i historia er òg Daisy Buchanan (Carey Mulligan) og hennar mann, Tom Buchanan (Joel Edgerton).

Saman utgjer dei delar av rollegalleriet som i boka viste 20-talets USA, og kritikk det som seinare vart kjend som den amerikanske draumen. Boka har seinare fått tilnamnet The Great American Novel.

Filmen var ferdiginnspelt i starten av 2012, og skulle opphavleg bli lansert rundt juletider 2012, men vart utsett til 2013 for å hindre konkurransen mot filmar med anteke liknande publikum, som Les Misérables og Anna Karenina.

Les også: Steven Spielberg vert juryformann for årets Cannes-festival

Leonardi Dicaprio, Carey Mulligan og Joel Edgerton i «Great Gatsby». (Foto:Warner Bros. Pictures/ SF Norge AS)
Leonardo DiCaprio, Carey Mulligan og Joel Edgerton i «Great Gatsby». (Foto:Warner Bros. Pictures/ SF Norge AS)
Moderne musikk i 20-talets USA

Regissør Baz Luhrmann er kjend for store, pompøse filmar som gjerne trekk moderne musikk inn i tidlegare tider. Deriblant ved å trekkje inn coverlåtar av Elton John i både 1800-talets Paris i Moulin Rouge og i Australia under andre verdskrig.

Great Gatsby fokuserer hittil mykje på amerikansk hiphop. Produsent- og rapperguru Jay-Z er hyra inn for å lage musikken.

Les også: Jay-Z lager Gatsby-musikk

I dei hittil slupne trailerane for filmen har kraftfulle No Church in the wild av Kanye West og Jay-Z blitt nytta som bakgrunnsmusikk, samt coverlåtar av U2.

Dette er Luhrmanns andre Cannes-opningsfilm, den andre var Moulin Rouge i 2001. The Great Gatsby får norsk premiere til sumaren, den 7. juni 2013.

Kva synest du om Luhrmanns filmar?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.