Det var mange filmar i Amandusfestivalsirkuset i år, og som vanleg fekk Filmpolitiets lesarar mogelegheita til å stemme over sin absolutte favoritt til publikumsprisen. Vinnaren de stemte fram blant mange gode bidrag var filmen Takk for sist (som du kan sjå i toppen av saka).
Filmen omhandler ein sliten politimann som til slutt kan velje ein veg ut av arbeidet han nok er litt lei av. Birger Vestmo liker den galgenhumoristiske framstillinga i filmen.
– Reint sjangermessig plasserer den seg i den mørkare delen av humorspekteret. Coen-brørne ville ha vore stolt av denne filmen om dei laga den i sin ungdom, seier Birger.
Han er ikkje overraska over at den vann, og meiner den har mange gode kvaliteter.
– Produksjonen holder høy kvalitet, med godt foto, effektiv redigering og godt skuespill av drevne Hallvard Haugen og Ståle Mikal Skaaden.
Regissør Ivar Andreas Waage Johansen er ambisiøs, og har store planer for framtida:
– Mitt mål for framtida er å bli ein vellukka regissør og manusforfattar i USA og Noreg. Eg ynskjer å reise til USA som ein god ambassadør for Noreg og norsk film, og for å vidare befeste Noregs posisjon på det internasjonale filmkartet, seier han.
Sjå Takk for sist og resten av dei nominerte nederst i saka.
Alle vinnarane på Amandusfestivalen 2013
- Animasjonsprisen gjekk til Spend it wisely
- Manusprisen gjekk til Lillian Klepp for manuset til filmen Illusjonen.
- Prisen for beste musikkvideo gjekk til Kom te land
- Fiksjonsfilmprisen gjekk til Takk for sist
- Juniorprisen gjekk til Flukten fra barnehjemmet
- Prisen for beste dokumentar gjekk til Som alle andre
- Ekstremsportprisen gjekk til Urbanist
- Årets fagpris gjekk til produksjonsdesignet på Voggesangfuglen