Då Martin Scorsese uttalte at Jo Nesbø-boka Snømannen var eit av sine komande prosjekt i 2011, vart det stor oppstuss. No, to år seinare, kan det sjå ut mørkt ut for filmatiseringa av den sjuande Harry Hole-boka, ifølgje Aftenposten.

Jo Nesbø hadde ein beinhard klausul i si kontrakt med amerikanske Working Title Films, nemleg at han skulle ha siste ord på kven som vart regissør – og Scorsese var hans foretrukne val. Til Aftenposten seier han at Scorsese absolutt er ein travel mann:

– Det visste me jo då me signa Scorsese. Me håpa, og håper framleis, at det var mogeleg å snike i køa.

Sidan avslutninga på Oscar-vinnande Hugo i 2011 har Scorsese knytt seg til fleire andre prosjekt, og for tida gjer han ferdig filmen Wolf on Wall Street med DiCaprio i hovudrolla, medan han lager ein dokumentar om Bill Clinton.

Coveret til boka Snømannen. (Foto: Aschehoug)
Coveret til boka Snømannen. (Foto: Aschehoug)

Den siste tida har han òg starta eit prosjekt for å lage TV-serie av Gangs of New York, om kriminelle i den amerikanske byen på 1800-talet.

Les også: Scorsese filmer Harry Hole-boka Snømannen

Fleire andre regissørar er spurt

Som eit alternativ til Scorsese har fleire andre regissørar blitt spurt om jobben og takka nei.

Deriblant Morten Tyldum, som regisserte Jo Nesbø-filmen Hodejegerne. Baltasar Kormàkur, som står bak den norgesaktuelle filmen Dypet, var òg spurt:

– Eg trur ikkje Scorsese kjem til å gjere denne filmen. Eg vart spurt av Universal for ei tid tilbake, men har takka nei, seier Kormàkur til Aftenposten.

Kormàkur er sjølv ein travel mann, med fleire film- og tv-prosjekt på banen. Det same er Nesbø, som for tida produserer piloten for tv-serien I am Victor med John Stamos (Full House) i hovudrolla, basert på ei av hans komande bøker. I tillegg skal boka Doktor Proktor og Prompepulveret bli barnefilm.

Kven burde regissere Snømannen om ikkje det vert Scorsese?