Etter avdukinga av Xbox One denne veka var det fleire som reagerte på at Microsoft ikkje klargjorde for såkalla bakoverkompatibilitet – at ein ikkje kan spele spel frå eldre spelmaskiner på dei nye. No forklarer Microsoft-sjef Don Mattrick kvifor dei ikkje har vald å ta dette med i berekninga då dei designa sin nyaste Xbox.

– Om du er bakoverkompatibel, så tenkjer du baklengs, seier han i eit intervju med Wall Street Journal.

Han forklarer at berre om lag 5 % av spelarane speler eldre spel på den noverande Xbox 360, noko han ikkje såg på som stort nok til å nytte pengar og tid på å utvikle teknologi for. Spelinga må i så fall gjerast med emulatorar og andre spesialløysingar, sidan prosessorstrukturen på dei to maskinene er såpass ulike (PowerPC og x86 CPU). Xbox Live Arcade-spel vil heller ikkje vere mogelege å hente fram.

Les også: Her er Xbox One: – Kommer i 2013; uklarheter rundt bruktspillsalg

Halo: Reach. (Foto: Bungie)
Ta det med ro, du får heilt sikkert spele eldre Halo-spel i ei eller anna form (Foto: Bungie)

Det hindrar dei sjølvsagt ikkje å gjenutgi eldre spel i oppussa former, noko Sony blant anna har gjort litt av dei siste åra, med spel som Shadow of the Colossus og Ratchet & Clank-trilogien.

Sony og Microsoft har kvar sin tankegang

Sony har valt ein anna tankegang med sin Playstation 4, som etter sigande skal ha mogelegheita til å streame Playstation 3 (og eldre) spel gjennom det oppkjøpte selskapet Gaikai sin teknologi.

Korvidt ein er nøydd til å kjøpe dei gamle spela på nytt for å streame dei er ikkje avklart enno, men det er ikkje usannsynleg. Selskapet har tidlegare uttrykt eit ynskje om at «alt skal vere streambart», både nye og gamle spel, men ordninga er ikkje klargjort enno. Tenesta Playstation Plus, som gir deg tilgang til fleire fullversjonar av spel mot ein månadleg sum, kan vere ein mogeleg modell.

Les også: Sony kjøper spillstrømmetjenesten Gaikai

Ting har dermed endra seg frå den førre konsollgenerasjonen, der både Playstation 3 og Xbox 360 kunne spele dei fleire av sin forgjengers speldiscar utan særlege problem. Kanhende bakoverkompatibilitet rett og slett er ein tanke gamaldags?

Kor viktig er bakoverkompatibilitet for deg?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.