Som ein reaksjon på Sandy Hook-skytinga ifjor innførte New York i januar ei ny våpenlov, som blant anna innskrenka kor mange kuler ein kan ha i eit angrepsvåpen. Andre lovendringar medførte blant anna fleire bakgrunnsjekkar på våpenkjøparar og eit rikare våpenregister i staten, til jubel frå demokratane og deira guvernør Andrew Cuomo. Eit forsøk på å innføre det same nasjonalt vart stansa i Senatet.
No har våpenlova fått uventa motstand, nemleg frå filmbransjen som arbeider i New York, som merker restriksjonane når dei filmar våpenscener, melder New York Times.
Loven gjeld nemleg òg for våpena dei nyttar under filming, som hovudsakleg er lettare ombygde våpen som nyttar lauspatronar i staden for skarp ammunisjon. I ytterste fall kan dette føre til at produksjonsselskap filmar andre stader enn New York, seier representantar for bransjen.
– Når er det for mange hinder?
Bohdan Bushell, produsent i J&M Special Effects til avisa, meiner at statar med høgare insentivavtalar – skattefordeler til selskap som arbeider lokalt – lett kjem til å ende opp med å få fleire produksjonar om det held fram slik, han foreslår eit unntak for filminnspelingar:
– Om ein produsent må kome gjennom fleire nålauger enn dei allereie gjer for å filme i den gale byen vår, kjem dei berre til å seie: «Når er det for mange hinder? Er dette det siste? Er eg ferdig no?». California svelt etter arbeidet vårt.
Elles er Vancouver i Canada allereie den tredje største produksjonsstaden for filmar og TV-serier i Nord-Amerika, og har vore nytta som erstatning for New York ved mange berømte høve i filmhistoria. Våpenrettigheitsaktivistar i New York meiner det er rart at filmskaparar skal vere dei einaste som får unntak:
– Kvifor skal me bli stansa av loven, når Hollywood – som promoterer valden – får fritak? seier Thomas King, leiaren av New York State Rifle and Pistol Association.
Våpen med lauspatronar er rekna som avvæpna, men er ikkje i alle tilfeller ufarlege. Det mest berømte tilfellet er nok då Brandon Lee døydde av ein patron som hadde blitt sitjande fast i våpenløpet og dytta ut med dødeleg fart av ein lauspatron, under innspelinga av The Crow.
Les også: Vil lage remake av The Crow
Vurderer unntak
Filmindustrien står for over 90 000 arbeidsplassar og 47 milliarder kroner i lønn i New York, noko som har fått sjølv guvernøren til å tenkje over saka.
– Folk vil ha sikkerheit, og det er inga grunn til ikkje å gjere ei endring som det, om dei vil ha ei oppklaring, så kan me definitivt vurdere det, seier guvernør Andrew Cuomo – ein av lovens fremste forkjemparar – til L.A. Times.
Då bør dei gjere det raskt, ifølgje våpenrekvisitør Ryder Washburn, som påpeiker kor mobile dei er:
– Alt me arbeider med har hjul, og dei går dit dei er ynskja.
Bør filmindustriens våpen bli behandla annleis enn alle andre sine våpen?