Norske regissørar er i vinden for tida. No får ein av fjorårets kinooverraskelsar, hulderfilmen Thale ein direkte engelskspråkleg oppfølgjar, hjelpt av skrekkdistributørselskapet Epic Pictures, melder Deadline.

Den opphavlege filmen, som omhandlar to åstadsvaskarar som finn ei merkeleg kvinneskapnad i ein hemmeleg kjellar, gav eit bilete av ei verd som var større enn det dei 80 minutta med film skulle tilseie. Den blanda eit norsk eventyr med glimt av større konspirasjonar.

– Kanskje kunne filmen blitt betre om historia fekk utvikle seg i den retninga, eller kanskje held Aleksander Nordaas igjen til ein eventuell oppfølgjar? skreiv Birger i si anmelding av filmen.

Vel, no kan det sjå ut som om ein oppfølgjar med større omfang og budsjett er på veg.

Anmelding: Thale: – Vellykket hulderfilm med spenning og mystikk!

– Snart vil born sjå under senga etter huldre

Epic-produsent Patrick Ewald samarbeider med det norske selskapet Yesbox om filmen, og ynskjer å løfte den opphavlege visjonen til produsent Bendik Strønstad og regissør Nordaas.

– Me aukar budsjettet og utsjånaden på filmen slik at Aleksander og Bendiks visjon kan bli oppfylt på ein større skala. Born verda over kjem til å sjå under sengene sine for å sjå etter huldre, seier Ewald (som tydeleg ikkje heilt har teke inn over seg at huldre normalt sett er å finne i skogen, ikkje under senga) i ei pressemelding .

Oppfølgjaren vil vere meir retta mot eit internasjonalt publikum, men skal vere skrive og regissert av Aleksander Nordaas for å halde på den same tonen som i den norske versjonen av filmen. Men det vil vere eit steg opp i omfang, hevdar regissøren sjølv.

– La oss berre seie det slik, Thale vil møte heilt andre typar dyr denne gongen.

Les også: Silje Reinås om «Thale»: – Slitsomt å være naken hulder

Det er førebels ikkje sagt noko om kven som tek rollene i den komande filmen, eller noko planlagd sleppdato. Epic tek med seg filmpitchen til Cannes-festivalen neste veke for å selje dei internasjonale rettane.

Kva andre «dyr» burde Thale 2 plukke med seg frå norsk mytologi? Legg att ein kommentar under Birgers anmelding av Thale.