Følg presentasjonen fra 18.40: Her er Xbox-fremtiden

I kveld klokka 19.00 viser Microsoft for første gong fram detaljar om si komande spelmaskin – Xbox 720, Xbox Next, Xbox Infinity, eller kva den no vil heite. I det som garantert er eit forsøk på å forstyrre Microsofts lanseringsdag, har Sony sleppt ein teasertrailer for sin Playstation 4.

Sony fekk kritikk då dei i januar avduka maskina si utan heilt å vise fram korleis den faktisk ser ut. Det er hovudsakleg dette dei no erter med, når den 39 sekund lange videoen så viser kjempekorte klipp i nærdetalj frå det som ser ut til å vere endå ein svart boks:

Les også: Fire ting Sony glemte: 1. Hvordan ser konsollen ut?

Konsollkrigen kjem til å gå varm på E3

Både Sony og Microsoft skal vise fram meir på årets E3-konferanse – verdas største bransjemesse for dataspel – i juni i år. Microsofts Aaron Greenberg lova på Xbox eigen podkast at årets E3 kom til å handle mest om spela, at han ville vise fram mange eksklusive spel, og at tida fram mot juni skal vere alt i éi historie:

– Me skal eigentleg fortelje éi historie over to hendingar. Så me startar den 21., og då skal me vise den neste Xbox-plattformen, og vår visjon for spel- og underhaldningsframtida.

EA vil vise fram «Fifa 14» på kveldens Microsoft-konferanse. (Foto: EA)
EA vil vise fram «Fifa 14» på kveldens Microsoft-konferanse. (Foto: EA)

Microsoft vil om nokre timar blant anna vise fram det første spelmaterialet frå Activisions Call of Duty: Ghosts, og meir informasjon om det uunngåelege Fifa 14, den neste versjonen av verdas største sportsspelserie.

Men selskapet vil nok òg forsøke å posisjonere seg sterkare som underhaldningsleverandør, og kan hende vil det bli fokus på ulike mediasenterløysingar, i tillegg til å svare på dei mange rykta om tvungen nettilkopling som har surra på nettet dei siste månadene.

Les også: Activision løfter sløret på «Call of Duty: Ghosts»

Sony har på si side starta eit samarbeid med blant andre Ubisoft på eksklusivt innhald til blant anna Assassin’s Creed 4 og Watch Dogs, samt spel som Infamous: Second Son, Killzone Shadow Fall og Knack. Planen er å vise fram meir Playstation-innhald på E3 den 10. juni, mest sannsynleg skreddarsydd etter kva Microsoft viser fram i kveld.

Kva bør Microsoft vise fram på #XboxReveal for å overtyde?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.