Det neste Call of Duty-spelet vert heitande Ghosts, altså stemmer rykta som har gått den siste veka. Ifølgje ein ny trailer og ei kunngjering frå Activision er det Infinity Ward, som tidlegare har arbeidd på Modern Warfare-serien som står bak:

– Alle forventar at me skal lage Modern Warfare 4 som ville ha vore det trygge valet, men me kviler ikkje på laurbæra. Me ser på konsollovergangen som ein perfekt sjanse til å starte eit nytt kapittel i Call of Duty-serien, seier spelprodusent Mark Rubin i presseskrivet, og lover med det same ein ny spelmotor for den nye merkevara.

Får me sjå Simon «Ghost» Riley?

Teaseren for spelet viser lite anna enn at sterke krigarar gjennom historia hovudsakleg har nytta masker, og til slutt får me sjå ein mann med ei maske som er mistenkjeleg lik den britiske spesialsoldaten Simon «Ghost» Riley si maske i dei tidlegare Modern Warfare-spela.

Til trass for at Infinity Ward lovar ei ny historie, og eit nytt rollegalleri, er det vel ikkje utenkjeleg at me i det minste får sjå han i spelet – i ei større eller mindre rolle.

Spelet vil ifølgje ulike tidlege omtaler frå utsalsstader gå føre seg i nær framtid, med moderne våpen og øydeleggbart terreng, som sirklar rundt eit «større plottpoeng» noko som ikkje høyrest heilt ulikt verken dei tidlegare spela i serien – eller dens største konkurrent, Battlefield 4.

Call of Duty-namnet er den mest suksessrike serien i spelhistoria. Det førre spelet, Black Ops 2, nådde 1 milliard dollar i inntening på 15 dagar, og med ein ny konsollgenerasjon på veg er det knytt store forventningar til kva Activision ynskjer å gjere med serien, som har fått kritikk for ikkje å fornye seg noko særleg.

Call of Duty: Ghosts. (Foto: Activision)
Trass zombiar i Black Ops-spela, me kan vel neppe vente oss faktiske spøkelser i «Ghosts» – eller? (Foto: Activision)

Les også: Slik blir Battlefield 4

Vil vise meir den 21. mai

Activision planlegg å vise fram meir av spelet under Microsoft sin Xbox-pressekonferanse den 21. mai. Dermed kan me vel offisielt seie at den neste generasjonens konsollkrig er i gang, ettersom dei store no knivar seg imellom for å få storseriene til sine plattformer.

Call of Duty: Ghosts er førebels utlyst til PC, PS3 og Xbox 360, og «neste generasjons» konsollar, den 5. november. Dei seier ingenting om Playstation 4 eksplisitt, men noko anna ville vel kanskje ha vore rart når dei lover meir nytt under Xbox-lanseringa.

Sony har allereie utlyst PS4-eksklusivt innhald til Assassins Creed– og Watch Dogs-spela frå Ubisoft, vil Microsoft få til noko liknande frå Activision?

Er speleksklusivitet vegen å gå for neste generasjons konsollar?