Star Trek er eit pågåande romunivers heilt sidan 60-talet, og når ein held på så lenge er det rett og slett vanskeleg å ikkje ende opp med eit hav av hendingar, handlingar og personar som andre kan parodiere og plukke opp.
I anledning den nylege premiera på Star Trek Into Darkness har me sett tilbake på Star Trek-historia og plukka opp det me meiner er det ein bør ha fått med seg frå dei gamle filmane og seriane.
Anmelding: Star Trek Into Darkness: – Effektene imponerer like mye som historien skuffer
Vulcan Nerve Pinch
Vulcan Nerve Pinch er eit nevrologisk angrep på nervene i nakken, hovudsakleg utført av den fredelege vulkan-rasen. Manøveren er er ikkje dødeleg, men er likevel eit effektivt angrep dersom ein vil uskadeleggjere ein aggressiv fiende.
Opphavleg vart den kalt Famous Spock Nerve Pinch, men fekk etter kvart nesten den same statusen som «the karate chop» som vart stor i spionfilmar på 60- og 70-talet.
Nakkeknipet til Spock har blitt vist mange gongar utanfor Star Trek-universet, deriblant i Mel Brooks stjernekrigparodi Spaceballs, der ein ung Bill Pullman forsøker å utføre det på ein intetanande, litt pedantisk, fiende.
I ei cameorolle i Futurama har Leonard Nimoy sjølv gjort trikset fleire gonger – blant anna på roboten Bender, noko som naturleg nok ikkje fungerte så godt.
Anmelding: Star Trek
KHAAAAAAAAN!
Star Trek II: The Wrath of Khan er udiskutabelt den beste Star Trek-filmen i verdshistoria. Kvifor det har eg forsøkt å forklare i denne artikkelen.
Eit av dei mest legendariske augneblinka i filmen er når kaptein Kirk forbanner sin nemesis, Khan Noonien Singh, ved å stirre mot taket og rope namnet hans, medan kameraet zoomer stadig lengre ut.
– KHAAAAAAAAN!
Scener som er filma som dette er seinare kalt «å gjere ein Khan».
Khan-skodespelar Richardo Montalban dukka blant anna opp i animasjonsserien Freakazoid! som Armando Guitierrez som ved eit høve parafraserar seg sjølv.
– Revenge is a dish best served with pinto beans and muffins! er vel berre nesten det han seier i den originale filmen.
Les også: Star Trek II: Wrath of Khan: – Då kaptein Kirk møtte døden, på meir enn éin måte
Redshirts
«Redshirt» er eit begrep for figurar som dukkar opp i ein episode, for så å døy like etterpå. Namnet kjem av dei raude skjortene som dei (overflødige) sikkerheitsmedarbeidarane frå Star Trek-seriane hadde på seg, og deiras ofte brå og åtvarande dødsfall ikkje lenge etter at ein landar på ein ukjend planet.
Berre for å gi ei formeining om kvifor dette faktisk vart meir enn berre nokre enkelthendingar: Om ein går gjennom Star Trek: The Original Series, så døyr 59 Starfleet-medlemmer i løpet av seriens 79 episoder. 43 – nesten tre fjerdedeler – av desse hadde på seg raude kadettskjorter.
I TV-serien Warehouse 13 er dei to hovudpersonane Myka og Pete litt trist fordi deira overordna har ein tendens til å halde dei utanfor dei viktige detaljane. Difor kjem følgjande dialog:
– To him we are just…
– Redshirts?
– …Yeah…
– First, he doesn’t think we’re redshirts, and second, it’s so cool that you knew what I meant.
Til å følgje opp det treng ein ikkje anna ein ein herleg montasje av raudskjorter som døyr til tonane av Air Supply med I’m Alive:
Vulkansk helsing
Hald handa framfor deg med samla fingre og skil så ringfinger frå langefinger. Gratulerer, du kan no helse til nokon på vulkansk. Sleng på eit «Live long and prosper», så er du omtrent innfødt (med unntak av øyrene og augebryna, sjølvsagt).
Denne enkle, men effektive, helsinga har dukka opp fleire stader. Blant anna helser hulebuarbabyen i Istid til ein tilfeldig UFO i isen, medan TV-serien Big Bang Theory (som for øvrig er stappfull av billege Star Trek-referanser ellers) har utvida stein-saks-papir til å omfatte lizard og spock, to naturlege fiendar.
Om du mot formodning ikkje skulle klare å utføre helsinga (fordi det kan vere vanskeleg å ha full kontroll over fingrane dine), ikkje fortvil. Du er nemleg ikkje åleine.
I filmen Star Trek III: The Search for Spock har William Shatner eit fiskesnøre rundt ringe- og veslefingeren for å klare å gjere det tilstrekkeleg.
På eit 25-årsjubileum for TV-serien sa Leonard Nimoy følgjande:
– Det tok meg mange år med nøye øving og sjølvfornekting å få til det der.
William Shatner svarte kjapt:
– Så det er difor eg ikkje får det til!
Beam me up, Scotty
«Beam me up, Scotty» er litt som «Play it again, Sam» og «Luke, I am your father». Sitata har rett og slett aldri blitt sagt i nokon av filmane, men er eit amalgam av alt som Star Trek-mannskapet har sagt til den skotske Scotty, mannen som styrer teleporteringsmaskina ombord på romskipet.
Det som i utgangspunktet berre var ein veldig billeg måte å vise at mannskapet flytta seg til andre planetar på – billegare enn å få eit miniatyrskip til å lande iallfall – fekk ein ny dimensjon.
Både teleporteringsmaskina og Scotty har blitt parodiert mange gonger. Leonard Nimoy nyttar den sjølv for å kome seg vekk frå Springfield på slutten av den legendariske Simpsons-episoden Marge vs. The Monorail.
Galaxy Quest
Så har ein sjølvsagt filmen Galaxy Quest, som er ein utelukkande stor parodi på heile Star Trek-universet. I filmen vert skodespelarane frå ein gammal sci-fi-serie møtt av ei rase romvesen som trur at fiksjonsuniverset er heilt ekte.
Ein undervurdert film som bør sjåast av fleire, absolutt!
Det er sjølvsagt for mange referanser til å ta med her, og det viser kanskje kor sterk posisjon Star Trek har i popkulturen.
Og no har me ikkje ein gong nærma oss William Shatners sjølvparodiar i tv-serien Boston Legal, eller dei utallege hendingane i South Park som er inspirert av det store sci-fi-universet.
Dette var nokre av våre favorittar, kva meiner du?