– Dei spør meg og Evan heile tida om me kan skrive manuset for Uncharted, seier Seth Rogen i eit intervju med IGN.

– I fire år no har dei sagt ‘Lag oss ein Uncharted‘-film, skyt Evan Goldberg inn.

Dei to er kanskje best kjend for å skrive manuset til filmar som Superbad eller Pineapple Express, men utviklarane i Naughty Dog og Sony meiner tydelegvis at dei er som skapt for manusjobben. Sjølv er ikkje dei to heilt overbevist.

Rogen og Goldberg promoterer for tida «This is The End», ein postapokalyptisk komedie som får norsk premiere i september. Foto: REUTERS/Mario Anzuoni
Rogen og Goldberg promoterer for tida «This is The End», ein postapokalyptisk komedie som får norsk premiere i september. (Foto: REUTERS/Mario Anzuoni)

– Det blir berre ein Indiana Jones-kopi! Om me hadde klart å finne ut ein måte å gjere det til ‘ikkje-Indiana Jones’, så hadde det vore fantastisk, seier Rogen.

Anmelding: Indiana Jones: – Tidenes filmhelt kan sees igjen og igjen!

Mykje trøbbel for produksjonen

Sidan det første spelet i serien, Uncharted: Drakes Fortune, kom ut i 2007 har det blitt arbeidd med å filmatisere Nathan Drake – den humoristisk eventyraren som til stadigheit roter seg opp i storslått trøbbel.

Men etter seks år, og deriblant Uncharted 2: Among Thieves – som Rune meinte var årets spel i 2009 – har den endå ikkje kome i gang.

Nærast var regissør David O. Russell (Three Kings, Silver Linings Playbook), som var klar til å filme med Mark Wahlberg i hovudrolla, før han i 2011 hoppa av prosjektet for andre gong på grunn av «kreativ usemje» med Sony. Det siste me høyrde frå prosjektet var at Neil Burger (Illusjonisten, Limitless) gav seg på filmen for eitt år sidan, etter nok eit manusbytte.

Då var det forfattarane bak National Treasure som tok over – ein anna serie som i stor grad har blitt samanlikna med Indiana Jones. Ingenting nytt har dukka opp etter det. Naughty Dog har heller ikkje bekrefta offisielt at dei har snakka med Rogen og Goldberg.

Anmelding: Uncharted 3: Drake’s Deception: – Hva skjedde med typer som Indiana Jones?

Kanskje redninga vert norsk?

I mellomtida er det eigentleg berre å vente, for det verkar ikkje som om filmen kjem seg nokon stad likevel. Kanskje redninga vert det norske produksjonsselskapet Nineofive, som for tida klipper saman filmen Uncharted: Ambushed, ein fanfilm basert på det første spelet i serien.

Det kan verke som om produksjonen der (òg) har blitt litt forseinka, men ifølgje nettsidene satsar dei på lansering i sumar. Sjå teaseren dei la ut for eit halvår sidan nedst i saka.

Kven burde regissere og/eller skrive ein Uncharted-film? Og kven bør spele Nathan Drake? (Nathan Fillion!)