Då tredje sesong av periodedramaet Downton Abbey slutta rundt juletider sat mange spent att. Kva ville hende med Grantham-godset og alle dei andre i Yorkshire-området etter dei dramatiske hendingane?

Paul Giamatti. (Foto: AP Photo/Evan Agostini)
Paul Giamatti har tidlegare vunne Emmy for si rolle i periodedramaet «John Adams». (Foto: AP Photo/Evan Agostini)

Etter kvart byrjar fleire av detaljane rundt neste sesong å ramle på plass. No har Paul Giamatti (Man on the Moon, Sideways) fått ei rolle som Harold Levinson – Lady Granthams (Elizabeth McGovern) bror – ein amerikansk playboy som kjem på besøk til godset.

Ifølgje den amerikanske distributøren Masterpiece kjem onkelen til å «upset the apple cart» (uttrykk for å rokke ved kvardagen – journ.anm.) til dei lokale, melder blant anna The Wrap.

Serieskapar Julian Fellows har hatt stor suksess med dramaserien, som har gått langt utanfor britiske grenser og tv-kanalen ITV. Rettane er seld til over 100 land, og i Noreg går serien på NRK1.

Les også: Julian Fellowes: – Jeg var like lei meg som TV-seerne

Kva skjer i «dei glade tjueåra»?

Serien vil no gå føre seg vel inn i «the roaring twenties», 1921 og vidare utover. Den vondskapsfulle Sarah O’Brien vil òg forlate serien etter at skodespelar Siobhan Finneran ikkje ville fornye kontrakten si. Men den mest openberre forandringa er den store mangelen på figuren Matthew, etter at skodespelar Dan Stevens forlot serien til fordel for satsing på skodespelaryrket i USA.

Gary Carr, her som soldat i krigskrimserien «Foyles War». (Foto: ITV)
Gary Carr, her som soldat i krigskrimserien «Foyles War». (Foto: ITV)

Med 20-talet kjem òg nye impulsar til Storbritannia og Downton. Ikkje berre er dette ei tid då den irske borgarkrigen set i gang på ordentleg (lausrivinga av Irland frå Storbritannia har vore eit tema før), det er òg i denne perioden at den første svarte karakteren vil dukke opp på godset.

Gary Carr skal spele jazzmusikaren Jack Ross, som sikkert vil innføre litt sårt tiltrengd farge til den britiske overklassa, og mest sannsynleg direkte i livet til den unge Rose (Lily James).

Fellowes har òg vurdert indiske figurar, som òg vil vere logisk for tidsperioden:

– Eg synest det er ein ganske god idé. Det må gjerast slik at det er truverdig historisk sett, men det er eg sikker på at me vil klare, sa Fellowes i fjor.

Serien vil i tillegg tilføre Lord Gillingham (Tom Cullen), ein ny flamme for Lady Mary – i tillegg til Nigel Harman, Harriet Walters, Kiri Te Kanawa, Joanna David og Julian Ovenden i ulike biroller.

Les også: Hugh Bonneville: – «Downton Abbey» forandra alt!


Paul Giamatti skal spele sonen til Martha Levinson, som her entrar Downton Abbey.

Kjem på NRK1 frå slutten av oktober

Fjerde sesong starta innspeling i februar i år, og skal etter planane ha premiere til hausten. Serien vil dukke opp på NRK1 frå veke 43, nokre veker etter britisk premiere, men endeleg dato er ikkje sett.

Fellowes har i tillegg til den vanlege serien seld inn ein spin-off til ITV, som skal fokusere på korleis Lord og Lady Grantham møttest, fleire tiår før den noverande serien starta. Denne har til no ikkje fått noko starta produksjonsdato.

Paul Giamattis skikkelse vil ikkje dukke opp før heilt mot slutten av fjerde sesong, nærare juletider. Det er ikkje sagt noko om dette er eit éingongsbesøk, eller om han vert ein sentral skikkelse vidare i serien.

Kva synest du om Downton Abbey?