Fra 00.00: Ubisofts E3-presentasjon, kan «Watch Dogs» utfordre «GTA»-spillene?

Spillutgiveren EA – Electronic Arts – bruker ikkje tida på å designe og skape nye spelkonsollar. Giganten har i løpet av dei siste tjue åra blitt ein av verdas viktigaste og største premissleverandørar for underhaldning, med fleire av klodens mest utbytterike spelfranchiser i ryggsekken sin.

På dagens E3-presentasjon brukte dei mykje tid på sportsspela sine – NBA Live, Madden, FIFA 14 og UFC, men høgdepunkta kom først mot slutten av sesjonen, då seks livespelarar i Battlefield 4 – i ei godt regissert actionscene – endte opp med å hoppe frå ein nedriven skyskrapar. Og dette var imponerande nok i noko som såg ut som ei uscripta hending, dette lovar godt frå svenskane i DICE.

Sjå mot slutten av denne videoen for det storslåtte fallet:

Battlefield 4 kjem til Xbox One, PlayStation 4, Xbox 360, PlayStation 3, og PC i haust. Xbox One vil få tilgang på nedlastbart innhald – DLC – til maskina først, Microsoft har òg ei liknande avtale for å få tilgang på DLC til Call of Duty: Ghosts først.

I dag starter E3-sirkuset: Kva kan vi vente av verdas viktigaste spillmesse?

Ja! Endeleg, «Star Wars Battlefront»

Det andre høgdepunktet var kort, men godt. Tidlegare i år vart det kjend at EA hadde overteke rettane til å gi ut Star Wars-lisensierte spel, og fleire eksisterande prosjekt gjekk då i grøfta rundt om i spelverda.

Tidlegare i år kom blant anna nyheita opp at eit tredje spel i Battlefront-serien hadde blitt kansellert eit godt stykke ut i utvikling, noko som skuffa mange fans av dei to tidlegare spela. I dag kunne EA vise fram ein 30 sekund lang teaser for eit nytt Star Wars: Battlefront. Sjå videoen her:

Samleside: Alt fra E3 2013

I løpet av det siste året har nedskjeringar, spesielt blant mindre spelstudio som arbeidde med Facebook-spel og liknande, dominert kvardagen for toppsjef Larry Probst. Mangeårig sjef John Riccitiello gjekk frå stillinga tidlegare i år, og for Probst var nok dagens pressekonferanse ein viktig nøkkel for å ta selskapet vidare.

Med dagens presentasjon har dei vist fram ting som bør vere lovande for både sportsspelfansen og skytespelfansen.

Trass at eg sjølv syntest at Plants vs. Zombies 2: Garde Warfare – som tek utgangspunkt i Battlefield sin Frostbyte-motor, merkeleg nok – var eit teit opningsspel, så hadde eg gløymd det spelet heilt innan DICE-sjef Karl-Magnus Troedsson heilt på slutten av hadde vist eit glimt av Mirrors Edge 2

Du kan sjå liveoppdateringane frå resten av presentasjonen lenger ned i artikkelen.

Kva syntest du om kveldens presentasjon frå Microsoft? Delta i kommentarfeltet med di meining!


Liveoppdatering, oppdater sida for å få siste nytt
ea1

22.00: Presentasjonen er i klar! Skjermane flashar med FIFA 14, UFC og Battlefield 4, og dubsteppen er ikkje død!

Peter Moore, sjef i EA, opnar ballet med å fortelje at absolutt alt den komande timen – 11 spel – er ny kode for konsollane Playstation 4 og Xbox One.

22.04 Plants vs. Zombies 2, i herleg 3D-grafikk med Frostbyte-motoren. Dette er den same som Battlefield-spela nyttar. Garden Warfare!

ea2

– Wow, eg står på scena på E3!

Plants vs. Zombies: Garden Warfare vil kome til Xbox One og Xbox 360 i løpet av året. I motsetning til det første i serien er dette i tredjeperson, men bølgjene av ulike zombiar nedskutt av diverse fantasirike planter er framleis til stades.

Spelet verkar å vere fleirspelar.

Er det verkeleg dette EA opnar med? P vs. Z er populært, ja, men det er nesten litt for useriøst? Eller?

– Let’s finish this thing!

Heilt greitt for meg!

22.10: – One more thing to announce. Peggle 2!

Jippi!

titanfall_screen_1

22.11: Titanfall kjem til Xbox One, PC, and Xbox 360. Microsoft viste fram gameplay, medan EA fokuserer litt «behind the scenes» med ein minidokumentar.

«Titanfall» vises for første gang på E3 2013. (Foto: EA)

Det viktigaste er å balansere kampen mellom Titans, dei store kjempane, og Pilots, dei ulike spelarane som styrer dei eller spring rundt og skyt. Mykje wallrunning, og spektakulære hopp.

22.14: Frank Gibeau: – Console gaming will never be the same again!

EA har arbeidd med Frostbyte og Ignite i to år. Dei er bra i år, men berre tenk deg om to år, seier Gibeau.

battlefront

Nytt Star Wars-spel frå EAs Star Wars-selskap. Star Wars Battlefront! Lenge etterlengta, og kanskje på tide etter alt oppstyret om det tidlegare i år.

22.16: Need for Speed-teaser. «All drive» skal øydeleggje skiljelinjene mellom éin- og fleirspelar, seiest det frå scenen. På scena speler éin som skurk, éin som politimann, og ein tredje person som helikopter-spotter i jakt på den førstnemnde skurken.

1,1 millionar sjåarar på EA sin stream no, ikkje rart det hakkar rundt om i verda. EA verkar å nytte lengre tid per spel enn Microsoft, men på den andre sida: Microsoft hadde frykteleg mange spel å vise fram.

22.21 Aaron Paul «Jesse Pinkman» viser fram den første kikken på Need for Speed-filmen, som han sjølv skal spele hovudrolla i. Verkar å ha meir fokus på bilkøyringa, som Fast & Furious-filmane har gått litt vekk frå i det siste.

22.23 Dragon Age: Inquisition kjem hausten 2014 frå Bioware. Djupare historielinjer, og både kjende og nye personar, seier Bioware-sjefen frå scena.

– Will you stand against it, or leave this world to its bitter end, seiest det i traileren.

ea5

22.26 På tide med sport! Ein film viser ei historisk gjennomgang av Madden-spela frå 1989 til no. Andrew Wilson i EA Sports skal «avdekkje framtida» med tre hovudpunkt. AI, realistiske rørsler og ei levande verd rundt sporten.

– If you love something, let it go. If your game is tight enough, it will return!

Avslutninga på eit lite basketdikt som i utgangspunktet berre snakkar om å sprette ein ball. BounceTek heiter den nye teknologien i spelet, som openbert skal «revolusjonere» det å sprette ein ball i spelet.

22.28: – NBA Live 14 vil vere ei ny oppleving kvar gong, seier EA-sjefen, og trekkjer fram at spelet vil oppdaterast kvar dag med ny info om spelarar og lag. Betyr dette at me «slepp» å kjøpe nytt spel kvart år? (Sikkert ikkje.)

nfl

22.32 Nytt Madden-spel. Kombinasjonen mellom spelarkontroll og ny teknologi skaper «skyttergravskrigar». Dagens bodskap: Om det vert meir realistisk no, så treng ein snart ikkje spele faktisk amerikansk fotball.

fifa14_ps3_ge_precisionmovement1_wm

22.34: Futbol! Og ei lita historie om kvifor fotball er så viktig for folk. Drake kjem på scena for å fortelje kvifor fotball – og sjølvsagt FIFA – er så viktig for han.

Matt Bilby fortel at ein no endeleg kan oppleve korleis det er å vere ein spelar på legendariske Camp Nou, og at AI-en har blitt forbetra. Igjen: Om det vert meir realistisk no, så treng ein snart ikkje spele ekte fotball.

Ah, fansen er endeleg meir enn papp-plater på tribunen, det er litt gøy då!

22.41: UFC 14 introdusert av UFC-dommaren Bruce Buffalo.

– Slåsting var den første sporten i verda, seier UFC-representanten. Difor er UFC så viktig.

– Fighting is in our DNA! We get it, and we like it!

«Full body deformation» er no ein del av spelet, meir fokus på korleis slag og tak påverkar kroppen. UFC 14 kjem til Xbox One og Playstation 4 hausten 2014.

Traileren verker å vise autentisk påverknad på hender, bein, anklar og overkropp. Lovar godt for fans av sporten som vil leve hakket nærare kampen.

ea6

22.47: «Emotion, immersion and being connected» gjennom «levelution» i Battlefield 4. På scena er blant anna svenske Karl-Magnus Troedsson som trekk fram det taktiske spelet gjennom Commandor Mode – overvåkningsmodusen kjent frå tidlegare spel.

Seks spelarar speler Battlefield 4 live på scena, lat oss håpe at det ikkje er dei same tekniske problema som under Microsoft-presentasjonen.

Battlefield 4. (Foto: Microsoft).
Battlefield 4. (Foto: Microsoft).

Shanghai er veldig flotte omgivnader for eit fleirspelarspel. Frå sjøen angrip dei frå angrepsbåtar og jetskis – sistnemnde er offisielt det mest tullete fartøyet i Battlefields historie.

Ei velregissert actionscene frå DICE og EA. Det helikopteret kom opp til heilt perfekt tid. Deltaking via SmartGlass gjennom ein tablet, stilig at ein trekk inn denne typen spelkontrollarar.

Oioioioioi, dagens vinnar! Ein nedrivd skyskrapar, i det som såg ut som eit uscripta ras. Heftige, heftige greier. Spontanapplaus frå oss i redaksjonslokalet.

ea8

22.56 Mirrors Edge 2, er det lov å håpe på Oculus Rift-støtte (er det lurt å håpe på Oculus Rift-støtte)?

11 spel frå EA, og her var det mykje pent og flott – ein litt småteit Plants vs. Zombies-runde til trass. Dårleg opning, men flott avslutning frå Electronic Arts.

Kva synest du om dagens EA-presentasjon?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.