Hodejegerne-regissør Morten Tyldums neste film byrjer å nærme seg produksjon. Nytt om The Imitation Game, filmen om mannen som hjalp til å knekke nazistenes kodebeskjeder under andre verdskrig, har stadig poppa opp sidan den gjorde det godt i Blacklist-konkurransen i 2011. No er Benedict Cumberbatch bekrefta i – og Keira Knightley i samtaler om – filmens hovudroller, skriv blant andre Variety.

Keira Knightley er hovedpersonen i Joe Wrights Anna Karenina (Foto: United International Pictures).
Keira Knightley er hovudpersonen i Joe Wrights Anna Karenina (Foto: United International Pictures).

Cumberbatch er mest kjend frå BBC-serien Sherlock, og si nylege skurkerolle i Star Trek Into Darkness, samt som Julian Assange i den komande Wikileaks-filmen.

Keira Knightley er nok mest kjend for rollene i Love Actually, og ei rekkje storslåtte kostymedrama som Atonement og Anna Karenina.

Les også: Keira Knightley, dronningen av kostymedrama

Tragisk historie om krigshelt

Matematikaren og kodeknekkaren Alan Turing, som hjelpte dei allierte med å forstå kodemaskina Enigma, fekk aldri sin heider og ære etter krigen. I 1952 vart han arrestert og seinare kjemisk kastrert for homofili, som framleis var ulovleg i Storbritannia på denne tida. Seinare tok han sitt eiget liv med eit eple fullt av blåsyre.

Ein minidokumentar om Alan Turing frå Vitskapsmuseet i London.

Manuset har versert rundt i Hollywood eit par år, blant anna var Ron Howard (Apollo 13, Cinderella Man) på eit tidspunkt interessert i å regissere den med Leonardo DiCaprio i hovudrolla, men han skal ha forlatt filmen for andre prosjekt.

Morten Tyldum vart bekrefta for prosjektet i desember, etter at Hodejegerne gjorde det godt òg utanfor norske grenser i fjor haust.

Les også: Tyldum i samtaler om James Bond-film

The Imitation Game har førebels ingen sett premieredato, eller innspelingsdato for den del, men er venta å starte produksjon i løpet av året.