Man of Steel gjekk inn som vekas mest besøkte film på kino i Noreg, men den har òg ein anna, litt rarare, topp-plassering. Filmen innehar nemleg rekorden for flest produktplasseringar. Over 100 selskap har betalt for å bli vist, melder Business Week.

Produktplasseringa skal ha spart inn 160 millionar dollar – rundt 970 millionar kroner – for Warner Bros, noko som utgjer ein stor slump av filmens 225 millionar dollars budsjett.

Årsaka er sjølvsagt at produksjonsselskapa tener frykteleg mykje pengar på det, og at meir av billett-innteninga går direkte til overskot.

Barberhøvelselskapet Gillette hadde blant anna ein reklamekampanje som lot folk forsøke å forklare korleis usårlege Supermann kan barbere seg. (Foto: SF Norge)
Barberhøvelselskapet Gillette hadde blant anna ein reklamekampanje som lét folk forsøke å forklare korleis usårlege Supermann kan barbere seg. (Foto: SF Norge)

Anmelding: Man of Steel: – En visuell fest av virtuos ødeleggelse

Lov i norskprodusert TV frå i år

Sears, Gillette og Nikon er blant selskapa som har spytta pengar inn i filmen. Ølprodusenten Budweiser har òg sørga for at Clark Kent føretrekk deira drikkevarer når han slappar av på foreldra sin gard i Kansas – visstnok til prisen av 15 millionar dollar.

Frå og med 1. januar i år er slik produktplassering òg lov hjå norske, kommersielle aktørar – spesifikt i «filmar, fiksjonsbaserte seriar, sportsprogram og lette underholdningsprogram».

– Dette bidreg til å styrke norske kringkastere og tv-produsentars vilkår, sa kulturminister Hadia Tajik då.

Både TV2 og TV Norge seier at dette hjelper dei til å endeleg setje produktplasseringa inn i ei ramme som er lovfesta, men at det hittil ikkje er snakk om store pengar i norsk samanheng.

Les også: Tror produktplassering vil heve TV-nivået

I andre delar av verda har det vore utbreidd – og kritisert – lenge. Allereie i 1925 fekk National Pictures kritikk for å få betalt for å vise ei Corona-skrivemaskin i dinosaur-stumfilmen The Lost World.

Seinare i år kjem filmen som mange har omtalt som kulmineringa av dette. The Interns med Vince Vaughn og Owen Wilson (dei spelte saman i The Wedding Crashers) som to lærlingar hjå Google, som i det store og heile er sponsa av Google.

I løpet av filmens 119 minutt vert ordet Google sagt og vist over 60 gonger. Google fortel meg òg at den har norsk premiere den 5. juli. Google.

(Artikkelen held fram under ei kort humoristisk, historisk oversikt over meir og mindre velplasserte produkt i amerikanske filmar.)

Ikkje nytt i Supermanns filmhistorie

Produktplassering er heller ikkje nytt for Supermann-filmane spesielt. Dette er godt vist i dette klippet frå Superman 2, der ein kamp mellom Supermann og general Zod utartar seg blant anna ved at Supermann vert kasta inn i ein Marlboro-bil, medan Zod tek ein ufrivillig flygetur inn i eit Coca-Cola-skilt.

Subtilt, Supermann. Subtilt.

Spesielt Marlboro-skiltet og sigarettreklamen skapte mykje oppstuss då filmen kom ut. Tobakksgiganten Philip Morris betalte Warner Bros. 43 000 dollar, blant anna for å gjere figuren Lois Lane til ein kjederøykar.

Dette førte etter kvart til at alle tobakksselskap i USA måtte skrive under på at dei ikkje skulle reklamere mot born.

Les også: – Nesten alle episodene av «Lilyhammer» må endres

Årsaka til mengda ekte produkt i nye Man of Steel er artistisk grunngitt, hevda filmens produsent Deborah Snyder nyleg til The Atlantic Wire:

– Me har ekte produkt her, ikkje fordi det må vere produktplasseringar, men fordi det skulle kjennast ut som ein ekte stad.

160 millionar dollar var sikkert berre ein bonus.

Kva synest du om produktplasseringa i Man of Steel? Kva synest du om produktplassering generelt?