E3 2013: Microsoft har fått ein turbulent oppstart etter at dei lanserte sin Xbox One som kjem for sal i Noreg i november.

Nokre av innvendingane har vore mot at den verkar vendt mot den amerikanske marknaden (og alle sportssendingane der), andre har protestert på eit manglande spelfokus (TV, streaming), men først og fremst har dei vore veldig uklare på reglane rundt DRM/kopibeskyttelse og vidaresal av brukte spel.

I dag starter E3-sirkuset: Hva kan vi vente av verdens viktigste spillmesse?

Det vart lite om kopibeskyttelse og bruktspelkjøp, men på den andre sida tok Microsoft av med mengda spel – heile 17 i talet, fleire av dei er eksklusive, og absolutt ingenting om Kinect-spel. Dermed har dei allereie eit godt utgangspunkt for å få til det Nintendo endå ikkje heilt har klart med Wii U.

«Halo»-, «Forza»-, «Battlefield»- og «Witcher»-oppfølgjarar

Det var fleire kjende ansikt og spel på kveldens presentasjon. Xbox sin heilt eigen posterboy, sjølvaste Master Chief frå Halo-serien dukka sjølvsagt opp i ein liten teaser for eit komande spel i serien, som hittil ikkje har noko anna tittel enn Halo.

Om det er ei vidareføring frå Halo 4, eller fleire av sanntidsstrategispela vart heller ikkje sagt, men den vil kome i tillegg til den planlagde Halo-TV-serien med Steven Spielberg i spissen.

I tillegg kjem bilspeloppfølgjaren Forza 5. Det mest nyskapande her verkar å vere måten spelet taklar kunstig intelligens, såkalla AI.

I staden for ein førehandsbestemt AI kjempar du i staden mot ein intelligens som lærer av spelarane og formar ein nett-identitet dei kallar «Driveatar». Denne «driveataren» vil kunne tene poeng for deg medan du ikkje speler, og vere motstandaren i andre sine onlinespel.

Microsoft viste òg nye bilete frå den opne verda i Witcher 3, eit søkkande skip i Battlefield 4, opent ørkenlandskap Metal Gear Solid 5: The Phantom Pain og den opne verda i Dead Rising 3. «Open verd» verkar å vere eit av kveldens fremste stikkord for nye spel.

Samleside: Alt fra E3 2013

Mange nye ansikt

Crytek viste fram sitt Ryse: Son of Rome, eit spel der du speler Marius Titus, ein legionær i Romerriket som søkjer hemn for sin drepne familie. Spelet er tredjeperson – litt ulikt Crytek, sånn sett – men fokuserte mykje på både éin-til-éin-kamp og måtar du kan styre troppen din mot fiendens troppar.

Skalaen er iallfall gigantisk!

Ein anna gigantisk skala fann ein i det nye spelet Project Spark, som verkar å vere Microsoft sitt svar på Sonys LittleBig Planet. Her skaper du din eigen planet først, før ein seinare kan gå inn og endre detaljar og lage spel-i-spelet. På videoen vist på scena såg ein alt frå episke slag, til Angry Birds– og Androids-aktige spelverdener. Dette ser gøy ut!

Kveldens presentasjon vart avslutta med Titanfall – det nye spelet frå Respawn Entertainment, nokre av avhopparane frå Call of Duty-skaparane Infinity Ward – som verkar å vere satt innanfor førsteperson-skytespelsjangerens faste rammer, men likevel tenkje litt nytt.

Fleirspelarspel i store verdener sett i ei høgteknologisk framtid der du kjemper med alt frå bakkevåpen, til gigantiske kamprobotdrakter. I likskap med fleire av dei andre spela verkar det storslått og visuelt slåande.

Ellers viste dei fram Sunset Overdrive – som kunne sjå ut som ei blanding mellom Saints Row og Mirrors Edge – og Quantum Break frå Max Payne-skaparen Remedy, som igjen nyttar seg av tidsmanipulering som ein sentral del av spelet sitt.

Selskapet ville òg svare på kritikken om at dei ikkje støtter uavhengige spelskaparar. Sjølv om det vesle, men veldig søte Below – frå skaparane av Swords & Sworcery – er frå eit uavhengig selskap, så er det ikkje akkurat satsing på dei aller minste selskapa.

Microsoft gjer som fleire av sine konkurrentar, og lanserer i dag endå ein Xbox 360 i ein endå mindre versjon. Blant spela som kjem til 360 i løpet av året er den populære PC-tittelen World of Tanks, samt danske Max: The Curse of Brotherhood og oppfølgjaren Dark Souls II. I tillegg følgjer dei Playstation Plus-modellen, og gir deg to gratis spel kvar månad om du er Xbox Gold-medlem.

Ikkje gløym DRM-problemstillinga heilt

Microsoft kjempa dermed attende alle spørsmål om den nye Xbox One berre kom til å vere ei streamingmaskin for ulike amerikanske sportar, det vil absolutt kome ei heil rekkje spel. Det tekniske rundt maskinspesifikasjonar og ikkje minst dei ulike DRM-problemstillingane gav dei derimot ingen tid til.

Det kan vere eit viktig poeng å ikkje late seg blinde av spela. Microsoft har på årets E3 avlyst alle intervju med spelprodusentar, dei vil utelukkande få snakke om spela sine. Litt pinleg måte å takle alle spørsmåla som framleis svirrar om bruktspelkjøp og onlinetvang.

Dog, E3 er langt frå over. Klokka 22.00 startar Electronic Arts sin presentasjon, Ubisoft tek stand ved midnatt, og Sony viser fram sin Playstation 4 klokka 03.00 i natt. I morgon ettermiddag vil Nintendo halde E3-hoff gjennom sin Nintendo Direct.

Kva syntest du om kveldens presentasjon frå Microsoft? Delta i kommentarfeltet med di meining!


Fra 00.00: Ubisofts E3-presentasjon, kan «Watch Dogs» utfordre «GTA»-spillene?

Liveoppdatering, oppdater sida for å få siste nytt

Xbox E3.
Xbox E3.

18.30: Pressekonferansen begynner straks!

18.35: Litt forseinka, ikkje uvanleg. Er det berre EA som pleier å vere heilt punktleg på slikt?

18.36 Dei første bileta er frå Konamis nye Metal Gear Solid-spel. Open verd, ser ikkje heilt ulikt Red Dead Redemption sine ørkenlandskap, men sjølvsagt meir moderne (og med meir fokus på sniking).

mgs-sniking

18.39: Me møter blant anna Kazuhira Miller og Ocelot igjen, kjenningar i Metal Gear-universet.

18.42: – I’m already a demon, seier hovudpersonen i det nye Metal Gear Solid 5: The Phantom Pain.

– Vi kan ikkje vente på å sjå meir, seier Don Mattrick.

Yusuf Mehdi presenterer den nye Xbox 360 på E3. (Foto: Microsoft).
Yusuf Mehdi presenterer den nye Xbox 360 på E3. (Foto: Microsoft).

– I dag er «all about the games». 13 eksklusive spel for Xbox One skal visast i kveld.

18.43 Yusuf Mehdi skal først snakke litt om Xbox 360. Ein ny 360 vert lansert, som er mindre og stillare, men elles den same maskina – tilgjengeleg frå i dag.

Oppdateringar for Xbox Gold-kundar: To gratis spel per månad, Microsoft følgjer Playstation Plus-modellen og gjer blant anna Assassins Creed II og Halo 3 gratis tilgjengeleg for Xbox Gold-kundar.

world-of-tanks

18.48 Han lanserer Free 2 Play-spelet World of Tanks til Xbox online-teneste XBLA, eit av dei mest populære PC-spela. Spelets sjef Victor Kislyi forklarar at det kjem gratis i sumar til tenesta.

18.50: Fleire nye spel til Xbox 360 i sumar, deriblant danske Pressplays Max: The Curse of Brotherhood, og From Softwares Dark Souls II.

ryse

18.53: No er det på tide med Xbox One! Phil Spences på scena, viser fram video frå det nye Crytek-spelet Ryse: Son of Rome.

Heftig slåsting mot elementa i det gamle Romerriket. Men kva er årsaka, mon tru? Yes, Quick Time Events! Det mest morosame i verda!

Ryse. (Foto: Microsoft).
Ryse. (Foto: Microsoft).

18.57: Verkar å inkorporere ein del éinmannstaktikk for lag, der du speler kommandør over ein tropp med romerske soldatar på veg til å overta eit slott. Og det ser jo ut til å gå strykande!

18.59: Episke scener idet «me» tek ut eit viktig tårn med ei kanonkule!

19.01: Marius Titus er hovudpersonen i Ryse: Son of Rome. Eksklusivt til Xbox One.

Sunset Overdrive. (foto: Microsoft).
Sunset Overdrive. (foto: Microsoft).

19.02: Mortal Kombat: Killer Instinct, eksklusivt til Xbox One, seier Phil Spencer.

19.03: Sunset Overdrive frå Ted Price i Insomniac Games. – Kjapt og eksplosiv verd i stadig forandring, seier han, og viser fram noko som kan minne om Saints Row/Mirrors Edge i uttrykk, men kanskje til og med endå meir crazy!

Ifølgje eigne fråsegn skal spelets verd vere i konstant endring, basert på ynskja til spelarane. Og sjølvsagt, det er Kun MogelegTM på Xbox One.

19.05: – Det er berre to McLaren P1 i verda, seier forteljarstemma. Heldigvis kan folka bak Forza 5 bringe deg racingopplevinga til skjermen din.

Masse bransjebullshit frå Dan Greenaway, sjefen for Turn Ten, på scena. Dette høyrest pompøst og tullete ut, men har sikkert ei eller anna rot i røynda, eller? – AI-en køyrer som menneske, seier han.

AI-en i spelet er basert på menneska som speler spelet, såkalla driveatars.. Dermed får ein nye utfordrarar kvar gong, utan å ha føreseielege motspelarar. Du kan tene poeng på korleis Driveataren din køyrer, sjølv om du er på jobb eller skule.

19.12 Phil Harrison, visepresident for Microsoft seier at ingen har vore flinkare til å støtte uavhengige spelutviklarar enn Microsoft, dette skal halde fram med Xbox One. Dette er garantert eit svar på den tidlege kritikken dei har fått for ikkje å støtte uavhengige spel.

Minecraft kjem til Xbox One, på same måte som den gjorde til Xbox 360. Ikkje overraskande, med tanke på kor populært det har vore hittil.

e3

19.13 Finske Sam Lake frå Remedy vil vise meir av Quantum Break, som framhever historisforteljinga i spelet. Jack Choice, den desperate helten som kan kontrollere tida etter eit feilgjort vitskapleg eksperiment. Ser ut til å ta fleire punkt frå selskapets tidlegare Max Payne, med tidskontrollering. Eksklusivt til Xbox One.

19.18: Project Spark, eit Kinect-spel der du kan skape eigne verdener. Med SmartGlass kan ein fikse detaljar i verda. Med fleire detaljar kan ein lage eigne spel i spelet.

– Oi, den meteoren er ny!

Goblinane kjem frå fjellet, kva vil dei gjere med den?

Project Spark. (Foto: Microsoft).
Project Spark. (Foto: Microsoft).

Samarbeid mellom Xbox One og Windows 8. Ein kan lage eigne verdener, eller spele i andres. Ser ut som alt frå Asteroids til Angry Birds. Skal dette vere Microsofts LittleBig Planet? Lovande hittil.

19.23: Marc Whitten fortel om dei nye tenestene i Xbox Live og SmartGlass. Community manager Ashton skal vise korleis ein kan redigere, kjøpe og dele ting via andre devices enn sjølve Xbox One. Ho viser korleis ein kan hoppe inn i andres spel, og sjå korleis dei løyser oppgåver.

19.25: Kamp i Mortal Kombat: Killer Instinct vert automatisk teke opp i Upload Studio, som kan redigerast i eit enkelt system og delast med venene sine. Det har sikkert ein «Del på Facebook»-knapp òg!

19.28 Live-deling av kampar og speling på Twitch direkte frå Xbox One.

e3

19.30 Her skulle det sikkert ha vore lyd! Spelet Crimson Dragon vert òg eksklusivt til Xbox One.

19.31: Verdspremiera på Dead Rising 3. Open verd utan lastetider der ein må rømme frå zombiar, og finne trygge stader. Fleire element minner om DayZ, likevel monaleg meir polert.

Distrahér zombiar med nødbluss. Heftige scener. Mykje fridom i våpensamling og spelemåte. Praktisk med bilar som viser øydeleggbare miljø i handlegater, men zombiane kan framleis halde seg fast.

e3

Med SmartGlass-maskiner (mobiltelefonar, tablets, og så vidare) kan ein kalle inn artilleri for å hjelpe mot dei største massane.

The Witcher 3: Wild Hunt. (Foto: Microsoft).
The Witcher 3: Wild Hunt. (Foto: Microsoft).

19.38: John Mamais skal fortelje meir om Witcher 3: Wild Hunt. «Open verd» ser ut til å vere dagens stikkord, Kinect-integrering gjennom (ikkje-obligatorisk) stemmekontroll. Spelet skal følast «native» til den nye generasjonen konsollar, seier utviklaren for CD Projekt Red.

19.41: Patrick Sõderlund i DICE skal vise meir Battlefield 4-stoff. Luft, sjø og landkamp i 60 bilete per sekund, lovar han. Smått tekniske problem på scena, noko som – vel – kan tyde på at det faktisk er livespeling, og ikkje førehandsinnspelt juks.

Eg tippar Patrick føler at skjortekragen er litt stram no! Men der er kampen i gang likevel, heftige scener frå eit skip. Her er det mykje maskinkraft i arbeid for å halde alle pikslar og lyspartiklar på plass. Battlefield om bord på Titanic må jo vere eit greitt utgangspunkt, eller?

e3

Prepare 4 Battle, som EA sjølv seier. Kartpakka Second Assault vil kome først til Xbox One. Men om Electronic Arts viser alt dette no, kva skal dei sjølv vise klokka 22.00 i kveld?

What Lies Below. (Foto: Microsoft).
What Lies Below. (Foto: Microsoft).

19.49: Eit nytt «roguelike» spel frå skaparane av Swords & Sworcery. Nydelege visuelle trekk, trass ein eigentleg enkel utsjånad. Below heiter spelet.

19.51: Black Tusk, eit av fem nye spelselskap som utviklar eksklusive spel for Xbox One, viser fram ein teaser for sitt nyaste spel. Splinter Cell-aktig sniking og rappellering i ei bygning. Namnelaust spel, oioi, dette får me nok sjå meir av etter kvart.

Halo blir introdusert til Xbox One i 2014. (Foto: Microsoft).
Halo blir introdusert til Xbox One i 2014. (Foto: Microsoft).

19.52: Ein ny trailer frå eit av dei nye selskapa. Sandlagde område, og ei kappekledd skikkelse møter noko kraftig i ørkenen. Ein steinkjempe, kappa fell ned og det viser seg å vere Master Chief, hovudpersonen i Halo-spela visar seg. Bonnie Ross frå 343 Industries kjem på scena for å snakke om det nye spelet. Halo-FPS for Xbox One, i 60 bilete per sekund.

Xbox One vil koste 499 Euro/499 amerikanske dollar eller 425 britiske pund ved lansering i haust.

Titanfall. (Foto: Microsoft).
Titanfall. (Foto: Microsoft).

19.57: Det siste eksklusive spelet i kveld frå Respawn Entertainment, med blant anna folka som arbeidde med Call of Duty-serien hjå Infinity Ward. Eit mech-spel sett til framtida, med høgteknologiske våpen og gigantiske kampmaskiner.

– I just know, I’m gonna make them pay, seier hovudpersonen i spelet Titanfall.

19.59: Vince Zampella, sjef i Respawn, kjem på scena for å fortelje om spelet, som skal vere eit stort fleirspelarspel.

Titanfall. (Foto: Microsoft).
Titanfall. (Foto: Microsoft).

Øydeleggbare område, og gigantiske kamprobotar i herja byområde. Soldaten vert skoten ut av maskina si, og siktar seg gjennom lufta til motstandaren si maskin. Lovande, men det ser likevel ut som det er innanfor velkjende rammer.

20.05: Og der var det over! Microsoft takkar for seg, men E3 er langt frå over. Klokka 22.00 startar Electronic Arts sin presentasjon, Ubisoft tek stand ved midnatt, og Sony viser fram sin Playstation 4 klokka 03.00 i natt. I morgon ettermiddag vil Nintendo halde E3-hoff gjennom sin Nintendo Direct.

Kva forventa du frå Microsoft i kveld? Fekk du det du ville ha?