OBS: Spoilers for siste episode av sesong 2 følgjer: Smått om senn dukkar nye detaljar rundt tredje sesong av BBC-serien Sherlock opp. Etter Moriartys død (?) i slutten av andre sesong har det vore knytt stor spenning til kven som skal ta opp arbeidet med å forpeste kvardagen til Holmes og Watson.
I dag avslørte ein av seriens produsentar, Sue Vertue, at Lars Mikkelsen skal spele skurken Charles Augustus Magnussen. Nyheita vart, på tidsriktig vis, sleppt på Twitter.
Hittil er ingenting kjend om figuren, men han er mest sannsynleg basert på bokfiguren Charles Augustus Milverton, tillagt eit skandinavisk etternamn.
Les også: Rat, wedding, bow: Dette veit me om sesong 3!
Sannsynleg utpressarkonge
I novella The Adventure of Charles Augustus Milverton, er han kjend som «kongen av utpressarar» og lever av å truge avsløre sanninga om folk mot heftige pengebeløp. Figuren er basert på den verkelege kunsthandlaren Charles Augustus Howell.
Lars Mikkelsen er bror av Mads Mikkelsen (Casino Royale, Hannibal) og har tidlegare blant anna spelt i dei suksessrike danske seriane Forbrydelsen og Borgen. Han får store sko å fylle etter at Andrew Scott vann ein BAFTA-pris (britanes Oscar/Emmy) for si skurkerolle i fjor.
Tredje sesong av eventyra til Sherlock Holmes og hans gode ven doktor Watson er venta å dukke opp mot slutten av 2013, etter utsetjingar tidlegare i år. I Noreg går serien på NRK.
Kva trur du om Lars Mikkelsen i ei slik rolle?