Spelselskapet Electronic Arts hadde mykje dei ynskte å vise fram på Gamescom i år, men dei dei sjølv reknar som rosinen i pølsa er Battlefield 4 – den fjerde versjonen av deira førstepersonsskytespel – frå dei svenske utviklarane i DICE.

Frå scena fokuserte sjef Karl Magnus Troedsson på eit par nye ting ved spelet. Ved sidan av utvidingspakkane China Rising, Second Assault, Naval Strike, Dragon’s Teeth, og Final Stand – som fokuserer på kvar sine land, område og transportmiddel – fortalde han òg om det såkalla «levolution», at områda du spelar i større grad enn før endrar seg etter kva du gjer:

– Nokre ting er massive, som å oversvømme ei bane og køyre angrepsbåtar gjennom gatene. Andre ting er små, som å skyte brannslukkarar for å forvirre fienden […] eller ta straumen i ei bygning og nytte nattsynsbriller.

Sjå heile konferansa i botnen av saka.

– Inga speløkt blir lik

Det heile er, ifølgje han sjølv, gjort mogeleg med grafikkmotoren Frostbyte 3, som dei har skrive om for anledninga. Målet er at «inga speløkt blir lik». Som ved avdukinga i Stockholm og på E3 tidlegare i år, viste dei eigentleg ikkje fram korleis dei store valmogelegheitene påverkar spelinga, men viste i staden mest store ting som falt. Ja ja.

Premiumklubben held fram frå Battlefield 3, og vil halde fram med nye oppdateringar av våpen og køyretøy, samt tidleg tilgang – rundt to veker – til dei ulike utvidingspakkane. Dei lovar meir i vekene og månadane som kjem, for den spesielt interesserte fansen.

Deriblant Obliteration-modusen i fleirspelarmodus, som plasserer éi bombe på ein tilfeldig stad på kartet, og let dei to laga – opptil 64 spelarar – kjempe om å transportere denne til fiendens base og detonere den. Eit nytt namn på eit velkjend tema, som verkar spennande for dei som er glade i stadig endrande kampar.

Battlefield 4 vil dukke opp 1. november i Noreg, med betarundar frå tidleg i oktober.

Les også: Slik blir Battlefield 4

Spel som zombie i det neste «Plants vs. Zombies»

Ellers nytta EA tid på å vise Sims 4, som skryter av oppdaterte figurmodellar og husbyggjemogelegheiter. No skal du få mogelegheita til å skape «Mind. Body. Heart.» i figurane dine. Det nye Command & Conquer vert eit tradisjonelt sanntids strategispel – RTS – på mange måtar, men utviklar Victory Games satsar på episodebasert innhald med nye oppdrag og einingar å leike med.

Bilspelet Need for Speed: Rivals håper å «øydeleggje skiljelinjene mellom éinspelar, fleirspelar og samarbeidsspel» med si opne verd ein kan køyre gjennom. Dragon Age Inquisition viste til «episk historieforteljing og figurar, som gir spelarane ekte val og konsekvensar» – spennande for konkurransen dei vestlege rollespela imellom.

Casual-utviklarane i Popcap lova nyutvikling i det komande Plants vs. Zombie: Garden Warfare (som har blitt endra til eit tredimensjonalt skytespel), og at du der kan spele som zombie! I ein variant ikkje heilt ulikt Fable Legends, kan du i Boss Mode styre zombiane si framferd gjennom hagen via eit nettbrett – eksklusivt til Xbox One og Smart Glass.

Dei ulike sportsfranchisene til EA får oppdateringar, og både UFC og FIFA (og sikkert NHL, NBA og dei andre) vert «meir ekte enn nokosinne tidlegare». Igjen, snart er det vel ikkje vits å spele dei faktiske sportane.

Les også: Hva er casual?

Titanfall hopper fram

Unntaket frå oppfølgjarane var førstepersonsskytespelet Titanfall. Sat i ei relativt nær framtid fokuserer det, ikkje overraskande, på nærkamp med våpen – men med mechs, store robotar med soldatpilotar. Demoen viste ein fleirspelarkamp i eit byområde, der målet var å hente ut Barker – ein forfylla veteransoldat.

Jetryggsekkane til soldatane og dei gigantiske robotane ser ut til å bringe nokre interessante dynamikkar til FPS-spela, spesielt med tanke på kamp i høgda. Rask forflytting opp og ned frå strategiske punkt ser ut til å verte viktig.

EAs presentasjon

Alt i alt var det få overraskingar frå EA, men nokre gledelege nyheiter om spel me allereie visste kom. Dei treng kanskje ikkje å trekkje like mykje oppstuss som konsollprodusentane Sony og Microsoft, men det er fint å sjå at det er nokre nye namn i ringen. Apropos oppfølgjarar, kvar vert det av meir nytt om Mirrors Edge 2? (Og kjem verkeleg ingenting av dette til Wii U?)

Kva imponerte mest? Legg att ein kommentar under videoen av konferansa.