Den første filmen om superhelten Kick-Ass var fantastisk. Den presenterte eit hardbarka, «verkeleg» univers der folk følte at å kle seg ut som superheltar var den beste måten å slåst mot kriminalitet på – med merkelege figurar som i kva som helst faktisk verkelegheit hadde blitt sperra inne på diverse institusjonar.

Film nummer to leikar litt med dei same elementa, gjer narr av ulike teikneseriestereotypar – orsak, arketypar – men klarar ikkje å nå opp til den første filmen, i anna enn liter blod.

Jim Carrey i Kick-Ass 2. (Foto: UIP)
Jim Carrey i Kick-Ass 2. (Foto: UIP)

Kick-Ass 2 plukkar opp litt etter rulleteksten frå den første. Dave (Aaron Johnson) har lagt Kick-Ass-kostymet på hylla, det same har Mindy (Chloe Moretz) med sin Hit Girl-persona.

I mellomtida har dei vore inspirasjonen for mange andre amatørheltar – deriblant Colonel Stars and Stripes (Jim Carrey) – som no vil kjempe mot kriminalitet på same måte som dei. Dei inspirerer òg éin superskurk – The Motherfucker (Cristopher Mintz-Plasse), som har den mest uestetiske opphavshistoria på film hittil.

Anmelding: Kick-Ass: – Morsom gladvold av godt merke!

Teikneserievalden er ikkje problemet

Regissør Matthew Vaughn (Stardust, X-Men: First Class) og manusforfattar Jane Goldman (Stardust, X-Men: First Class) tok teikneserias uventa dekonstruksjon av superheltfenomenet og fullendte den på skjermen. Premissen «korleis fungerer eigentleg superheltane i den verkelege verda?» var høgkonsept med god gjennomføringsevne. Når regissør Jeff Wadlow tek over vert Mark Millars teikneserieunivers vert det tamt – trass valden.

For nokre månader sidan gjekk Jim Carrey ut og sa at han fordømte valdsscenene i filmen. Etter Sandy Hook-skytinga angra han på å ha teke del i slike hendingar på lerretet. Men det er ikkje blodspruten som er problemet med filmen, den fungerer i stor grad som før – og tek det eit hakk lenger enn sist gong – i staden har filmen blitt det den ein gong parodierte.

Aaron Johnson og Christopher Mintz-Plasse i Kick-Ass 2. (Foto: UIP)
Helt og skurk møtest. (Foto: UIP)

Det er framleis fleire element av satire her, men Kick-Ass 2 hevar seg aldri over dei pompøse superheltfilmane med tallause dialogar fylt til randen av klisjear. I desse samtalane er det nesten så eg håpar at nokon skal snu seg mot kamera og blunke til meg, som om dei seier «neida, prosjektilspyspøken la me inn berre for å kødde med deg, ikkje for å faktisk framskaffe latter». Og valdtektsspøkar? Tja, eg hadde klart meg utan.

Les også: Jim Carrey tar avstand fra «Kick-Ass 2»

Saknar Nicolas Cage

Kanskje er det eigentleg i tapet av Nicolas Cage «Big Daddy»-figur at filmen mistar mest – mannen lyser jo «neida, dette er ikkje heilt alvorleg» lang veg. Den sære dynamikken han hadde med dottera bar mykje av den første filmen, og når dette no må haldast ved like med Kick-Ass og Hit Girl som den nye dynamiske duoen er ikkje kjemien deira god nok til å halde den herlege nerven til stades.

Chrloe Moretz i Kick-Ass 2. (Foto: UIP)
Hit Girl si tid som Mindy gir meir enn ein skulle tru til filmen. (Foto: UIP)

Den førre filmen var ei satire over superheltsjangeren, denne gongen er det framlagt meir som ei rein komedie med superheltemne. Det er langt frå så dårleg som Super Hero Movie, men det lever likevel ikkje opp til det den første lova.

Den finn aldri ut om den vil handle om superheltar i den verkelege verda, eller om den berre er endå ei over-the-top-komedie – og går seg litt vill i samblandinga.

Når det er sagt, filmens beste augneblink – som ikkje er sær teikneserievald – kjem frå teikneseriefiguren Moretz takling av tenåringsfilmens kvardag. Det er likeins overkarikert som resten av filmen, men det forklarar den endelege appellen til One Direction og deira likesinna.

Om ein skal tolke scena etter rulleteksten – tradisjonen tru for superheltsjangeren – så vert det kanskje ein tredje film. Det er teikneseriegrunnlag for det, men eg er usikker på om eg vil meir no. Avslutningsscena kan stå for seg sjølv, som ei historie som prøvde hardt, men ikkje heilt nådde fram til målet sitt.

Om FILMEN

Kick-Ass 2
  • Kick-Ass 2
  • Slippdato: 23.08.2013
  • Regi: Jeff Wadlow
  • Utgiver: UIP
  • Originaltittel: Kick-Ass 2: Balls to the walls!
  • Sjanger: Action, Komedie, Splatter