Sigourney Weaver, framleis nok best kjend for sitt filmgjennombrot i Alien i 1979, skal no vere med i regissør Ridley Scotts komande film, Exodus (det engelske namnet på Andre mosebok). Med seg på laget kan ho få Aaron Paul, John Turturro og Ben Kingsley, skriv Deadline.
Filmen, som eigentleg høyrest litt ut som ein live-action-versjon av animasjonsfilmen Prinsen av Egypt, skal handle om Moses (Christian Bale) sitt liv, og forholdet til fosterbroren, farao Ramses II (Joel Edgerton). Weaver skal spele Tuya, og Turturro skal spele Seti – foreldra til Moses og Ramses.
Aaron Paul er framleis i samtalar om jobben som Joshua – slaven som var Moses læregut – og Ben Kingsley er sirkla inn som ein hebraisk lærd.
Les også: Blade Runner får oppfølger
Bibelsk forteljing
Exodus er skriven av Steven Zaillan, mannen som tidlegare har gjort manuset til filmar som Schindlers liste og The Girl with the Dragon Tattoo, så kanskje Bibelen var eit logisk neste steg? Filmen startar innspeling i september, og siktar mot ei premiere i slutten av 2014.
Ridley Scott vart stor regissør med Alien, og seinare filmar som Blade Runner, Gladiator og Black Hawk Down. Dei seinare åra har ikkje filmane hans vore like store kritikar- og publikumssuksessar – men det vert like vel spennande å sjå han og Weaver samarbeide igjen.
Scotts neste film ut (15. november) er The Counselor med blant andre Brad Pitt, Michael Fassbender og Natalie Dorner. Weavers neste vert oppfølgjaren til Harald Zwarts Skyggejegerne, som har planlagd premiere i 2014.
Kva trur du om at Alien-skodespelar og -regissør møtest igjen? Legg att ein kommentar under traileren til The Counselor.