Breaking Bads kyniske sjefsadvokat, Saul Goodman, får sin eigen spin-off-serie. Det har lenge vore rykta om at Bob Odenkirks figur i serien skulle ta opp stafettpinnen etter at historia om Walter og Jesse var over, men først i natt vart det endeleg avtalt, ifølgje blant anna Deadline.

Saul Goodman vart opphavleg laga for éin episode i andre sesong av serien, men vart såpass populær at han dukka opp fleire gongar i løpet av seriens levetid. Allereie i fjor tok serieskapar Vince Gilligan for første gong opp ideen om Saul i ein eigen serie:

– Eg elskar tanken på eit advokatshow der advokaten vil gjere alt som står i hans makt for å halde seg utanfor domstolen. Han gjer forlik på trappa utanfor, kva som helst så lenge slepp unna rettssalen. Det hadde vore moro, eg hadde likt det, sa han då til Indiewire.

Eit lettare shady visittkort for Saul Goodman.
Eit lettare shady visittkort for Saul Goodman.

Intervju med «Breaking Bads» Hank: 2 Den eneste med moralen i behold!

Netflix var òg interessert

AMC har visstnok dratt ut forhandlingane litt, men fekk fart på sakene då produsentane i Sony byrja å snakke med andre kanalar (visstnok, blant anna Netflix) om å plukke opp ideen.

Avtalen er ikkje heilt landa enno, men AMC, Sony og Odenkirk har ein lisensavtale i hamn som er eit godt utgangspunkt for å starte på ein pilotepisode. Better Call Saul skal undersøke kva som gjorde Saul til Saul før han møtte Walt og Jesse.

Serien skal, trass hovudpersonen, ikkje bli ein komiserie – men likevel vere tematisk lettare enn dramatiske Breaking Bad. Om du vil ha ein forsmak kan du sjekke advokatens nettside, BetterCallSaul.com.

Denne veka kjem fjortande episode av femte og siste sesong av Breaking Bad, sesongen har 16 episodar og den aller siste vil gå 29. september. I Noreg går serien på TVNorge MAX, sundagar klokka 23.00.

Spinoffseriar har ikkje alltid det beste ryktet, men det finst unntak. Vert dette ein Joey eller ein Frasier?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.