Allereie før lansering vart det snakka om kor raskt Grand Theft Auto V ville nå salg på 1 milliard dollar – rundt 5,8 milliardar kroner – med tal som peika mot at det ville gå i løpet av den første månaden. I løpet av det første døgnet har Take-Two og Rockstar kome eit godt stykke på vegen, med 4,6 milliardar kroner, skriv Bloomberg.

– Me kunne ikkje ha vore meir nøgd med lanseringa, seier Take Two-sjef Strauss Zelnick. Ikkje overraskande.

Salet estimerast til å allereie ha oppnådd rundt 10 og 12 millionar eksemplar – som allereie ligg rundt halvparten av det GTA IV har selt til no.

Call of Duty: Black Ops II held den førre rekorden med 2,9 milliardar på 24 timar. Dei har òg rekord for 1 milliard dollar på 15 dagar, men det er venta at GTA V når det i løpet av veka.

Les også: Slik ble GTA verdens mest omstridte spillserie

Panegyrisk anmelderstand

Spelet er rekna som å vere tidanes dyraste, med eit utviklings- og marknadsføringsbudsjett rundt 1,4 milliardar kroner – ein sum som dei ser ut til å få inn igjen.

Spelet har i alle hovudsak fått enormt positiv tilbakemelding av både kritikarar og publikum, og ligg førebels med den høgaste poengsummen for eit spel nokosinne på Metacritic, ei side som gjennomsnittsbereknar anmeldingar.

Med 98 av 100 tek den same plass som GTA IV framfor Super Mario Galaxy-spela.

Filmpolitiets Rune Håkonsen gav spelet full pott, ein seksar på skalaen, og omtalte det som «antiheltanes triumf» i eit spel der utviklar Rockstar har overgått seg sjølv.

Er oppstusset rundt «GTA V» fortent?

Anmelding: GTA V: – Bruker sjokkeffekten til å gå nært inn på antiheltane i fortellingen