FX’ adapsjon av Coen-filmen Fargo, sett i det kalde Minnesota, er på veg til TV-skjermane. No har TV-serien fått med seg Martin Freeman (Hobbiten, The Office) på laget, ifølgje Variety.

Han skal spele skandinaviskætta Lester Nygaard, ein bilforsikringsmann som kjem i trøbbel når den skumle Lorne Malvo (Billy Bob Thornton) kjem til den vesle byen. Historia, karakterane og hendinga skal vere ei original historie – sjølv om rollebeskrivingane verkar kjende – men miljøet er basert på filmen frå 1996 med William Macy og Frances McDormand i hovudrollene.

Dermed er det potensial for store mengder «Minnesota Nice» i serien, som i utgangspunktet er planlagt å ha 10 episodar.

Billy Bob Thornton, her frå «Monsters Ball». (Foto: Lionsgate Films)
Billy Bob Thornton, her frå «Monsters Ball». (Foto: Lionsgate Films)

Anmelding: Hobbiten: En uventet reise

Manusforfattar er Noah Hawley (Bones), og den første episoden skal regisserast av Breaking Bad-regissør Adam Bernstein.

Forsøkte seg på TV-serie allereie i 1997

Joel og Ethan Cohen – som regisserte den opphavlege filmen – returnerar kun i den ulne stillinga «executive producer», som i dette tilfellet sikkert betyr at dei har eit enkelt overblikk over kva som hender.

TV-serieprosjektet dukka opp allereie i 1997, då med Kathy Bates som regissør og Edie Falco i rolla som politibetjenten Marge Gunderson, men det vart med éin pilotepisode som aldri vart sendt på lufta.

Les også: Topp 5: Filmer fra Coen-brødrene

Martin Freeman spelar for tida inn tredje sesong av den fantastiske BBC-serien Sherlock etter å ha avslutta innspelinga på Hobbiten-filmane i sumar. Den neste av hans filmar som kjem på norske kinoar er Edgar Wrights The World’s End den 18. oktober.

Endå ein brite inn i sentral rolle i amerikansk TV-serie? Legg inn di meining under ei av dei mest «Minnesota-ete» scenene i filmen Fargo.