Er ikkje før Breaking Bad over på amerikanske TV-kanalar, så dukkar den sanneleg opp ein anna stad òg. Serien om den sarte, kreftsjuke kjemilæraren som byrjar å koke metamfetamin for å halde familien med pengar får no ein colombiansk remake.

Metastasis verkar i utgangspunktet ikkje å vere heilt ulikt opphavet. Walter White har fått namnet Walter Blanco, Jesse vert heitande Jose, og grunntanken er den same. Nokre raske skilnadar er at narkolaboratoriet dei nyttar for å framstille metamfetaminen er i ein skulebuss, ikkje ein bubil.

Serien er likevel omtala som betrakteleg meir mainstream enn sin amerikanske storebror, og skal ha meir til felles med klassiske «telenovelas» – latinamerikanske dramaseriar. Målet er at fleire på det amerikanske kontinentet skal få oppleve historia, seier Sonys latinamerikanske sjefsprodusent Angelica Guerra til Hollywood Reporter.

Men er det ikkje Walt... jo, det er jo for så vidt det. (Foto:
Men er det ikkje Walt … jo, det er jo for så vidt det. (Foto: Univision/Unimas)

Breaking Bad er ein fantastisk serie som ikkje vart mykje sett i Latin-Amerika, delvis fordi kabel-TV ikkje er så utbreidd her. Men det er ei universell historie, og me fann ut at dei attkjennelege figurane ville fungere veldig bra.

Les også: «Breaking Bad» vant endelig Emmy for beste dramaserie

Colombium

Traileren (i botnen av saka) ser … horribel ut. Merkelege parykkar, dramatisk forteljarstemme, og hakket lågare produksjonsbudsjett enn i opphavet. Vel, denne hadde neppe dukka opp på TV her til lands uansett.

Dette er ikkje første gong Sony lagar remakes, blant anna har dei laga Alle elsker Raymond for Russland og Midt-Austen, og Våre verste år (Bundy) i ei rekkje andre nasjonalitetar.

Forresten, namnet Metastasis tyder i medisinen at kreften flyttar seg til eit nytt organ, men det kan òg nyttast om andre forskyvingar. I den colombianske logoen er elementa AS og TA utheva – altså arsenikk, eit kreftframkallande stoff, og tantal, oppkalla etter ein gresk gud som aldri fekk tak i det han ville. Tantal heitte tidlegare colombium. Ein liten detalj-ablegøy der, frå dei colombianske produsentane.

Kva serie burde bli remaka til norske forhold? The Wire på gatene i Tønsberg? Twin Peaks frå Otta? Seinfeld frå Grünerløkka?