«Den beste skrekkfilmen eg har sett denne veka» kan vere ein kompliment, men rundt Halloween er det eigentleg meir ei bekjenning over at det er altfor mange skrekkfilmar som trekk dei sørgelege kroppane sine opp frå bakken for å krype sakte mot kinolerreta våre.

Den kraftigaste reaksjonen Insidious 2 produserte hjå meg var at eg løfta opp hendene mine frå tid til anna. Ikkje til augo for å unngå synet – slik regissør James Wan kanskje håpa – men til øyro for å unngå lyden. Hovuddesigndokumentet til Insidious 2 må nemleg vere ganske enkelt. Det går ut på å snakke normalt ei stund, før ein legg vekt på ein enkelt ting som stikk seg litt ut.

Deretter skruastlyden ned, før ABSOLUTT ALLE LYDKNOTTAR VERT SKRUDD TIL 11.

Gjenta.

Skvetter eg? Ja. Men det er eigentleg ikkje så skummelt.

Anmelding: You’re next: – Full av guffen gørr og effektive skremmeskvett!

Insidious: Chapter 2. (Foto: United International Pictures)
Åjasså, så du høyrer lyder i babycallen, ja? Overraskande. (Foto: United International Pictures)
Plukkar opp tråden der den førre slutta

Insidious 2 plukkar opp tråden der Insidious slutta. Josh Lambert (Patrick Wilson) har nettopp komt attende frå Det Fjerne, der han henta sjela til sonen sin som var i demoninnført koma i heile den første filmen. Etterpå finn familiens faste åndeutdrivar Elise (Lin Shaye) død, og det vert mistenkt at Josh står bak.

Kona Renai (Rose Byrne) er i tvil om Josh sine hensikter, og medan etterforskinga pågår flyttar dei attende til Josh si mor (Barbara Hershey), heimen der det heile starta for 27 år sidan.

Du ikkje ha sett den første filmen frå 2011 (som gjekk rett til DVD her til lands) for å sjå denne, men det hjelper nok for å forstå grunnpremissa raskare. Delane som tvangsintroduserar bikarakterar frå Insidious er blant filmens dårlegare. Dei to paranormale frilansarane Specs (Leigh Wannell) & Tucker (Angus Sampson) er framleis med som – kanskje litt malplasserte – humoristiske innslag i alt det mørke.

Skodespelarmessig skil Patrick Wilson seg ut medan han openbart kosar seg i filmens mørkaste hjørner, Lin Shaye som den bestemoderlege Elise er òg eit av filmens sterkaste kort. Det er berre synd det tek så lang tid å kome dit ho er – grunna ei rekkje «Oi, det var skummelt, lat oss snakke i eit minutt om kva som nettopp hendte»-samtalar.

Insidious: Chapter 2. (Foto: United International Pictures)
Who’re you gonna call? Specs, Tucker og Elise! (Foto: United International Pictures)

Når den tek seg tid, klarar filmen å arbeide opp ei mørk atmosfære. Men det tek sjeldan lang tid før dei tyr til berre å skru lyden høgt opp igjen.

Anmelding: The Conjuring: – Guffen atmosfære

Gamle triks om igjen

Filmens første del er hovudsakleg pianospelande spøkelser med høge lydar klipt inn her og der. Sjølv om filmen i sin andre del i større grad bryt sine eigne reglar, så er det i det minste meir interessant når filmen kryssar sine eigne spor på ein nesten Tilbake til fremtidensk måte.

Wan og manusforfattar Leigh Whannell (Saw, The Conjuring) har gått inn i filmhistoria og plukka velvillig med seg stader, klisjear og triks frå skrekkfilmboka. Forlatte sjukehus, sprakande TV-ar (Poltergeist, anyone?), brudekjolar, teddybjørnar i spindelvev, leiketøy som spelar lyd av seg sjølv, og så vidare. Utan å gjere noko nytt med desse, kjennest det meir som kreativ bankerott enn god skrekkfilm.

Slutten legg opp til at det kan kome ein tredje film i serien. James Wan står òg bak Saw-serien, som fekk sju stadig meir utvatna filmar i løpet av like mange år. At det hovudsakleg er oppfølgjarbonanzaer som dette me får sjå av skrekkfilm på kino er skadeleg for sjangeren.

Med mindre Specs & Tucker kan dukke opp i ei reindyrka sjølvbevisst Ghostbusters-aktig spøkelsesjakt, så håpar eg dette vert det siste kapittelet i denne historia.

Om FILMEN

Insidious: Chapter 2
  • Insidious: Chapter 2
  • Slippdato: 01.11.2013
  • Regi: James Wan
  • Utgiver: United International Pictures
  • Originaltittel: Insidious: Chapter 2
  • Sjanger: Skrekk