Regissør Edgar Wrights (Scott Pilgrim, Hot Fuzz) superheltfilm Ant-Man kjem stadig nærare premiere. Sidan 2006 har filmen om den litt småsære helten blitt heldt fast på av Marvel i ulike delar av produksjonen.

Etter at det har vore underskriftskampanjar for både Nathan Fillion (Castle, Firefly) og Joel McHale (Community) er no Paul Rudd (I Love You, Man) og Joseph Gordon-Levitt (Dark Knight Rises) dei to som er sirkla inn for rolla som Ant-Man, ifølgje Variety.

Dette er ein forferdeleg kort versjon, her er heile klippet i horribel kvalitet

Historia om Ant-Man er historia om den geniale vitskapsmannen Hank Pym som utviklar ei maskin som kan gjere han kjempeliten eller kjempestor, noko han utnyttar for å kjempe det godes kamp.

Hittil er det einaste ein har sett ein kort trailer som Wright viste på Comic-Con i fjor (sjå til høgre), som skulle fungere som ein pilot på korleis det endelege produktet kan sjå ut.

Ei lita sjanse er det vel faktisk framleis for at det vert to Ant-Men. I teikneseria er det tre personar som har hatt namnet, og i tidlegare versjonar av manuset har iallfall to ulike Ant-Men vore representert. Den siste versjonen av manuset er skrive av Wright og hans samarbeidspartnar gjennom mange år, Joe Cornish (Attack the Block, Tintin).

Ant-Man skal ha planlagd premiere den 31. juli 2015.

Les også: Hollywood fyller kinoane til randen i 2015

Iron Man 3. (Foto: The Walt Disney Company Nordic)
Ant-Man sit ved sidan av Iron Man i denne sofaen, eg lovar. (Foto: The Walt Disney Company Nordic)

Store TV-planar

Marvel har òg mange andre planar på gang, alt frå nesten ferdige filmar som Thor: The Dark World som kjem 1. november til planar som er heilt i startfasen. No kan det kan sjå ut som om Marvel ikkje har planar om å stanse med Agents of S.H.I.E.L.D. når det gjeld TV-seriar sett i filmane sitt univers.

Deadline meldar at dei har kontakta ulike TV-selskap med tidlege tilbod om heile fire dramaseriar og ein miniserie basert på ulike heltar frå universa deira.

Dermed kan det bety ei seriepakke på så mykje som 60 episodar på ein gong, ei veldig stor investering dersom det skulle vise seg at alt går same stad. Netflix og Amazon er blant selskapa som er kontakta. Førebels er det såpass tidleg i prosessen at folk verken framfor eller bak kamera er tilknytt prosjekta, men det seier likevel litt om størrelsesordenen på tankane til Marvel.

Netflix har liknande avtalar med Dreamworks allereie, om nettdistribusjon av alle animasjonsseriane deira. Eit samordna prosjekt om dramaseriar sett i same univers vert likevel i ein litt anna liga. Det er framleis uklart kva figurar eller univers Marvel ynskjer å ta til TV-skjermen.

Les også: «Agents of S.H.I.E.L.D.» til norske tv-skjermar

Kven burde spele Ant-Man?