Det er ikkje musikken det skortar på i Through the Never. Gutta i Metallica byrjar å bli middelaldrande etter kvart – alle er rundt 50-årsmerket – men dei veit framleis å levere Dét. Gneista som gjer at eg framleis får frysningar, 13 år etter at Symphony & Metallica ramla i fanget mitt (eg var ung, og visste alt).

Metallica: Through the never. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Dane DeHaan som Trip i Metallica: Through the never. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

I staden for å levere ein tradisjonell konsertfilm ynskja James Hetfield & Co å bake inn ei fiktiv historie. Metallica-roadien Trip, spela av Dane DeHaan (Chronicle) vert sendt ut etter konsertstart for å skaffe bensin til ein stranda bil med ei mystisk veske med «noko bandet treng», godt tima til tekstlinja «Give me Fuel, give me fire, give me that which I desire».

Kameraet følgjer så han til ein slags alternativ tidslinje – via ei fargefull pille og ei bilulukke – eit parallelt univers der byen har gått til helvete og han må kjempe seg fram mellom væpna demonstrantar, opprørspoliti, og ein mystisk gassmaskekledd ryttar. Jakta vert vist innimellom låtane.

Anmelding: «Heavy Metal» (1981): – En fest for øyet!

Mangel i gjennomføring, ikkje ambisjon

Metallica har det i seg å vere modige. Deira førre filmsatsing, Some Kind Of Monster var ein dokumentar frå ei tid som reiv og sleit i bandet – rått framvist for fansen. Bort med gjennomparfymerte, gjennomsponsa reklamedokumentarar med barndomsbilete med eit altfor stort instrument på fanget og forteljarstemmer som ender setningar med «lite visste foreldra at dette skulle føre til musikalsk verdensdominanse». Fuck det.

Det skal mykje til å rokke ved den etter kvart litt keisame sjangeren konsertfilm. Musikkfilmen har derimot absolutt vore spennande, ikkje minst gjennom Forteljingar som Pink Floyds The Wall. Kanskje er det eit element av dette Metallica ynskjer å hente fram igjen.

Metallica: Through the never. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)
Dette er ikkje fyren ein får sjå i ein gjennomsnittleg Metallica-konsert. (Foto: Norsk Filmdistribusjon)

Diverre er ideen som er skapt til låtane antiklimatisk – både åleine, og langt frå på høgde med historia som ligg i botnen for songane – desperasjonen og fortvilinga over krig og galskap. Representasjonen av låtmaterialet er visuelt kraftfullt (frå Nimród Antal, regissøren bak Predators), men fell gjennom som forteljing.

  • Settlista i filmen (og soundtracket)
  • The Ecstasy Of Gold
  • Creeping Death
  • For Whom The Bell Tolls
  • Fuel
  • Ride The Lightning
  • One
  • The Memory Remains
  • Wherever I May Roam
  • Cyanide
  • …And Justice For All
  • Master Of Puppets
  • Battery
  • Nothing Else Matters
  • Enter Sandman
  • Hit The Lights
  • Orion
  • Ikkje av mangel på ambisjon, men rett og slett fordi Trips «MacGuffin»-jakt ender opp som eit unødvendig element – meir som ei forstyrring av ein god konsert enn noko som tilfører meining. Eg har sett 3,5 minutt lange musikkvideoar som har gitt meg meir enn dette.

    Les også: Metallica klør etter å komme seg i studio

    Sterk konsertoppleving

    Når det er sagt, som ei rein konsertoppleving er Metallica framleis store, og såpass sterkt teatralske at ein lurar på kvifor det alternative universet må vere såpass avskilt frå resten av filmen. Ei arrangert pyroulukke – openbart ei referanse til Hetfields ulukke i 1992 – framstår som litt vél tunghendt og oppstylta.

    3D-effektane bringer ikkje mykje til bordet som lyden ikkje allereie kan gjere djupare (sjølv om eg hadde håpa på tyngre bass i akkurat min sal).

    – Metallica har ein tendens til å hoppe, og så stille spørsmål på vegen ned. Etter kvart som me kjem nærare og nærare bakken innser me at det ikkje er sikkerheitsnett og me innser at me burde ha spurt fleire spørsmål på vegen ned, sa trommis Lars Ulrich i eit nyleg intervju.

    Det høyrest sånn omtrent rett ut. Metallica: Through the Never er tidvis storslått – men fiksjonshistoria ved sidan av er altfor underutvikla til å kunne gjere det den har lyst til – rokke ved konsertfilmsjangeren.

    Kva er ditt favorittminne frå Metallicas historie?

    Om FILMEN

    Metallica: Through the never
    • Metallica: Through the never
    • Slippdato: 25.10.2013
    • Regi: Nimród Antal
    • Utgiver: Norsk Filmdistribusjon
    • Originaltittel: Metallica: Through The Never
    • Sjanger: Musikal