Konsollkrigen er og vil alltid vere ein stad der alle hevdar at dei gjer det betre enn alle andre. I går kom derimot ei bekrefting på éin fordel for Sonys Playstation 4 samanlikna med Microsofts Xbox One.

Inifity Wards Mark Rubin gjekk i går ut på Twitter og bekrefta at det komande skytespelet Call of Duty: Ghosts vil spele i full HD (1080p), men ikkje på Xbox One. Årsaka er biletefrekvensen:

– Me optimaliserte kvar konsoll til å nå 60 bilete per sekund, og spelet ser flott ut på begge. Eg kan nesten ikkje vente på lanseringa neste veke.

  • Skjermoppløysing:
  • Det er mange ulike ord for ulike kvalitetar og oppløysingar, her er nokre av dei
  • 480p, generell DVD- og standard-TV-kvalitet: 720 bildepunkt i breidda, 480 i høgda
  • 720p, på eit tidspunkt kalla HD-Ready: 1280 bildepunkt i breidda, 720 i høgda
  • 900p, ein mellomting: 1600 bildepunkt i breidda, 900 i høgda
  • 1080p, Blu-ray-kvalitet, også kalla full HD: 1920 bildepunkt i breidda, 1080 i høgda

På Xbox One vil dermed spelet køyre i 720p, oppskalert til full HD. Det same gjeld for Battlefield 4 som òg vil køyre 720p på Xbox One, der klarar Playstation 4 900p. Sjølv om biletefrekvens nok er aller viktigast for fleirspelarspel som dette, så er det like vel endå eit lite skot for baugen for Microsoft.

Les også: Xbox One kommer ikke til Norge før 2014

Blant verdas største spelserier

PC-spelarar vil nok vere nøgd med at båe desse spela fungerer fint i 1080p, så lenge maskina er oppdatert for det sjølvsagt.

Call of Duty-serien – som fokuserer på krigskamp, gjerne mot andre spelarar over nettet – er blant verdas mest solgte underhaldningsprodukt, og det førre i serien, Black Ops 2, nytta under ein månad på å bli omsett for over éin milliard dollar. Den rekorden vart nyleg slått av GTA V.

Førebels er det ikkje sikkert om skjermoppløysingsproblematikken vil gjelde for fleire spel på konsollane, men det kan vere ein indikasjon på den grafiske styrken i tvikampen mellom Xbox One og Playstation 4. Korleis spelet faktisk ser ut – skjermoppløysing er trass alt ikkje heile den visuelle opplevinga – må ein vente til november med å sjå.

Grafikken er ikkje heile opplevinga!

Call of Duty: Ghosts blir lansert i Noreg for Windows-maskiner, Nintendo Wii U, Playstation 3 og Xbox 360 den 5. november, for Playstation 4 den 29. november, og for Xbox One ved norsk lansering over nyttår.

Kva er viktigast for deg i valet mellom konsollar?