Det var nesten uunngåeleg. Bryan Cranston er hovudsakleg kjend for to roller – godslege pappa-Hal i Malcolm i Midten, og som den fryktinngytande meisterhjernen Walter White i Breaking Bad. Frå den komande samleboksen til Breaking Bad har ein liten snutt frå ekstramaterialet lekt ut, som viser korleis dei to TV-seriane er samankopla.

Fans har allereie laga uttallege samanslåingar mellom desse – blant anna på Reddit – men no visar det seg at produksjonsselskapet bak Breaking Bad òg har stor sans for kontrasten mellom dei to figurane.

Det heile var sjølvsagt eit mareritt frå Hal si side! Eller var det det?

SPOILERS: Ikkje sjå videoen om du ikkje vil få deler av TV-serien spolert:

Go to sleep, Scarface …

Malcolm i Midten, som hadde fokus på Malcolm og hans merkelege familie, slutta i 2006 – to år etter starta Breaking Bad. Med seg for denne éine scena har AMC og produksjonsselskapet Sony fått med seg Jane Kaczmarek, som spelte kone og mamma Lois i serien.

Den alternative slutten er sterkt inspirert av 80-talsserien Newhart, som på same måte slutta med at hovudpersonen vakna frå ein draum og fortel kona om alt som har hendt dei siste åra. Denne mashupen mellom to seriar er dog litt mindre offisiell.

Anmelding: Breaking Bad S05: – Eit glimrande eksempel på ein TV-serie som slutta akkurat då den burde

Kva slutt føretrekk du – den offisielle, eller den alternative?

Malcolm, it's time to cook! Eit av mange eksempel på fanlaga blandingar mellom «Malcolm i Midten» og «Breaking Bad». (Foto: Reddit-brukaren jilliu5)
Malcolm, it’s time to cook! Eit av mange eksempel på fanlaga blandingar mellom «Malcolm i Midten» og «Breaking Bad». (Foto: Reddit-brukaren jilliu5)