Etter at J.J. Abrams (Star Trek, Star Trek Into Darkness) fekk jobben som Star Wars-regissør for om lag eitt år sidan, har det vore sannsynleg at han kom til å gi frå seg den tredje filmen i serien. No er Joe Cornish høgast på ynskjelista til produksjonsselskapet Paramount, melder blant andre Deadline.

I 2011 fekk han mykje skryt for sin herlege «ungdomsforbrytarar møter aliens»-film Attack the Block – der han fekk mykje ut av eit lågt budsjett, både på skodespelar- og effektsida.

Joe Cornish er elles mest kjend for samarbeidet med regissør Edgar Wright, i manusarbeidet på blant anna Tintin: Enhjørningens hemmelighet og den komande superheltfilmen Ant-Man.

Regissør og manusforfattar Joe Cornish. (Foto: AP Photo/Keystone, Jean-Christophe Bott)
Regissør og manusforfattar Joe Cornish. (Foto: AP Photo/Keystone, Jean-Christophe Bott)

Les også: «Attack the Block»: – Alle er aliens på sin måte

Ikkje bekrefta

Ingenting er bekrefta enno, det har blitt snakka om både John M. Chu og Rupert Wyatt til Star Trek 3 tidlegare, men Paramount er altså interessert i engelskmannen som allereie arbeider med Paramounts filmatisering av sci-fi-romanen Snow Crash.

Cornish har vore aktuell for store Hollywood-filmar tidlegare, blant anna Die Hard 5 og Hunger Games: Catching Fire, men han takka nei.

Abrams er framleis med i ei diffus produsentrolle, medan Robert Orci og Alex Kurtzman (Transformers, Fringe) skriv manus. Star Trek-filmserien er såpass stor at det i verste fall kan vere eit prosjekt der ein mindre regissør kan drukne litt i mengda, men lat oss håpe at Cornish kan vere med å setje litt preg på Kirk, Spock, McCoy og resten av gjengen.

Produksjonsselskapet siktar mot filmstart for Star Trek 3 i 2014, sikkert med sikte på premiere sumaren 2016.

Kva synest du om dei nye Star Trek-filmane? Bonus: Sjekk det næraste Cornish har vore å arbeide med «Star Trek» tidlegare, ein sketsj på «The Adam and Joe Show»