Stephen King er ikkje død enno – han er 66 år gammal og har endå nokre skrivande år igjen. Eg er dog sikker på at han rulla ein ekstra gong rundt i senga på premieredagen til nyversjonen av Carrie. Han var ikkje så glad i 1976-versjonen av filmen, og har uttrykt at han eigentleg ikkje er så nøgd med boka i seg sjølv.

Regissør Brian DePalma skulle sikkert ynskje at hans versjon av Carrie frå 1976 hadde tilgangen på dei same visuelle effektane som det regissør Kimberly Peirce har i si nyskaping. Men det er òg blant dei få forbetringane frå skrekk-klassikaren.

Julianne Moore i «Carrie». (Foto: SF Norge)
Julianne Moore i «Carrie». (Foto: SF Norge)

Carrie (Chloe Moretz) er ei einsam plaga jente, strengt oppseda av si sterkt religiøse mor (Julianne Moore). Etter ei djupt traumatiserande hending rundt hennar første menstruasjon står avslutningsballet for tur. I overgangen til å bli kvinne oppdagar ho unaturlege krefter, som gjer Carrie til ei skummel kraft for dei som har plaga ho oppgjennom åra.

Se video: Når ein vanleg trailer ikkje er god nok

Filmatisert for tredje gong

Det mest interessante med remakes er som oftast det som er annleis enn originalen. Her er det dog såpass openbart at utgangspunktet har vore den førre filmen – ikkje heilt ulikt fjorårets Total Recall – til den grad at skilnadane i stor grad er rundt smådetaljar.

Dette er tredje gong Stephen Kings debutroman vert filmatisert, utan eigentleg å gi noko meir til forteljinga. 2013-versjonen av Carrie trekk i stor grad vekk det openberre erotiske frå originalen, medan valden i sistescena er skrudd opp.

Det erotiske er i staden teke med i fleire tillagte symbol for kvinnelege kjønnsorgan og fødsel – sikkert fleire enn i Alien, om eg hadde telt over. I staden for 70-talets oskebeger er det vatnet som går (i form av ei knust vasskjølar), i staden for ei nedslått dør er det ei djup vertikal flengje som mora presser seg ut av, og så vidare. Akkurat det er sikkert symboltunge Stephen King nøgd med.

Chloe Moretz (Kick-Ass, Hugo) spelar hovudrolla som Carrie greitt nok, sjølv om figurens overgang til den mørke sida ser mest ut som ho har fått beskjed om å røyre seg som Madonna i 90-talshiten Frozen. Dette slår kanskje ikkje Sissy Spaceks vidopne, intense auge, men ho er framleis ei sterk kraft i denne filmen. Julianne Moores (Don Jon, The Hours) rolle som den forvridde mora er mindre overdriven enn 1976-versjonen, og meir tvangstankefokusert skrive – ei forbetring i mine auge.

Les også: Topp 5: Ubehagelige filmer

Chloe Moretz og Julianne Moore i «Carrie». (Foto: SF Norge)
Chloe Moretz og Julianne Moore i «Carrie». (Foto: SF Norge)

Carrie – spel død!

Kimberly Peirce har erfaring med å framvise seksuell frustrasjon, deriblant i fantastisk sterke Boys Don’t Cry. Skilnaden der var at det visuelle var støtta opp av eit sterkt manus, og med fleire harde kantar. Utstrekt symbolbruk til trass, mykje av det seksuelt spennande med Carrie er glatta over og gjort meir spiseleg.

Originalen var heller ikkje feilfri, men den fekk merksemd på grunn av gjennomgåande ekkel stemning og ei storslått avslutning. Når ein remake berre tek på seg dei same skorne, og i all hovudsak går dei same trinna langs stien, så ender den opp med å bli lite anna enn ein bleik kopi.

Filmens sistescene er endra til noko som kanskje opnar for ein oppfølgjar.

Nei.

Nei, nei, nei. Fy! Nei.

Legg seg. Dekk. Bli. Carrie? Spel død!

Om FILMEN

Carrie
  • Carrie
  • Slippdato: 15.11.2013
  • Utgiver: SF Norge
  • Originaltittel: Carrie
  • Sjanger: Drama, Skrekk