I ei gruppe med unge jenter i tradisjonelle saudiarabiske drakter er det éi jente som skil seg ut. I staden for saklege, ordentlege svarte skor ser me eit par svarte Converse-sko med lilla lisser.

Den grønne sykkelen har fått mykje merksemd for å vere den første filmen heilt og haldent filma i Saudi-Arabia – med ein kvinneleg regissør i tillegg – frå eit land kjend for streng kontroll på befolkninga si. Og det er nettopp dette regissør Haifaa Al-Mansour tek opp – på ein eigentleg ganske konvensjonell måte.

Wadjda, den Converse-kledde kapitalisten. (Foto: Arthaus)
Wadjda, den Converse-kledde kapitalisten. (Foto: Arthaus)

Converse-eigaren er Wadjda, ei 10 år gamal rappkjefta jente med forkjærleik for popmusikk, ein gryande kapitalist som sel heimelaga armband i lokale fotballfargar. Så oppdagar ho den grøne sykkelen.

Les også: Måtte regissere skuespillerne med walkietalkie

Sykkelen med stor S

Sykkelen kjem farande på eit biltak til den lokale leikebutikken, og Wadjda er med eitt forelska. Då er det berre synd at jenter, av forbod ved moral-politiet – mutaween – ikkje får lov til å sykle. Ho spør mora, som på si side er mest oppteken av å forhindre mannen sin å få ei andre kone, men pengane strekk nok ikkje heilt til.

Då førstepremia i ei Koranopplesningskonkurranse viser seg å vere vel stor nok til å dekkje kjøpet av ein sykkel, set ho alle klutar til for å vinne. og slik sett nytte det strenge religiøse systemet mot seg sjølv til å oppnå sitt fridomssymbol.

Historia er enkel, og er tilgjengeleg framlagt. Diverre er den ikkje like sterk som mange andre historier frå liknande miljø. På mange måtar minner den meg om iranske Persepolis, ei anna historie om ei jente som med oppriktigheit står opp mot verda rundt seg – men det fell litt gjennom i ei sakkarinsøt gjennomføring.

Anmelding: Persepolis: – Det er det animerte formspråket som huskes best

Ikkje forstå det som at Wadjda prøver å lage trøbbel. Ho er berre seg sjølv – flott portrettert av Waad Mohammed. Ho observerer verda rundt seg, og me får sjå glimt av ulike kvinneskjebner i eit samfunn der kvinner verken skal bli sett eller høyrd utomhus – men som innanfor husets fire veggar eigentleg verkar frykteleg attkjenneleg.

– Ei kvinnes røyst er hennar nakenheit, seier historias «heks», rektoren Hussa – som tydeleg har eigne private kampar med religionen når ho ikkje er streng skulesjef.

Innanfor husets fire veggar er det fredagstaco, gullrekka og zombiespeling. (Foto: Arthaus)
Innanfor husets fire veggar er det fredagstaco, gullrekkja og zombiespeling. (Foto: Arthaus)

Mest viktig, framleis god

På overflata er dette som kva som helst film der ein ungdom har lyst på noko, har ei mogelegheit til å vinne ein premie for å få det – den er veldig innanfor rammene, sikkert for å vere ekstra tilgjengeleg. Den kulturelle dimensjonen tilfører filmen ein del, men den klarer aldri å bryte utav formelen – spesielt i ei tid som gir oss sterke nyrealistiske filmar frå andre stader i verda, er den ikkje spektakulær i seg sjølv.

Anmelding: Gutten med sykkelen: – En lavmælt liten filmperle!

Som politisk kraft har Den grønne sykkelen blant anna vore med på å avvikle forbodet mot kvinneleg sykling i Saudi-Arabia. Den er skapt under vanskelege forhold, midt i ei forandringstid. Det større biletet er godt måla. Som forteljing er det eit søtt – avslutningsvis litt for søtt – innblikk i eit land som sjeldan er portrettert på film.

Den grønne sykkelen vil absolutt inneha ein viktig plass i filmhistoria – den er allereie nemnd i Oscar-racet – men det mest er fordi den er politisk sterk, ikkje fordi den er blant verdas beste filmar.