Det kan sjå ut som om DC Comics tek med seg fleire heltar enn Batman i den komande oppfølgjaren til Man of Steel. Den hittil namnelause filmen, som går under namet Superman vs. Batman, kan også få besøk av Wonder Woman, melder Variety, som viser til fleire mogelege skodespelarar.

Gal Gadot (Fast and Furious 6), Elodie Yung (G.I. Joe: Retaliation) og Olga Kurylenko (Magic City, Oblivion) skal alle ha vore på prøvespeling i ei rolle beskrive som ei «høg, atletisk, eksotisk brunette» – noko som passar godt på amasonedronninga Diana Prince, også kjend som Wonder Woman.

Elodie Yung og Olga Kurylenko, frå henhaldsvis «G.I. Joe» og «Quantum of Solace». (Foto: United International Pictures og Walt Disney Studios Motion Pictures Norway)
Elodie Yung og Olga Kurylenko skal ha vore på prøvespeling som Wonder Woman, her frå henhaldsvis «G.I. Joe» og «Quantum of Solace». (Foto: UIP og Disney Studios)

Tidlegare har det vore spekulert i om Jaime Alexander var aktuell, men ho skal visst vere avskriven som følgjer av fleire filmar som slåsskjempa Sif i Marvels superheltunivers. Ifølgje Variety hadde ikkje Warner Bros nokre kommentarar til nokre av desse rykta.

Anmelding: Thor: Dark World: – En visuell fest av virtuos ødeleggelse

Oppladinga til «Justice League»

Det som er bekrefta er at Henry Caviziel returnerar som Supermann, Zack Snyder (300, Sucker Punch) regisserer igjen, og at Ben Affleck (Argo, The Town) skal spele Batman.

Filmen er rekna som ei oppladning til ein mogeleg Justice League-film, ei superheltgruppe som samlar fleire av heltane frå universet rundt Supermann og Batman – ikkje heilt ulikt The Avengers. Prosjekt har vore under utvikling i mange år, men blussa opp igjen i fjor.

Den vanlegaste samansetninga av Justice League of America. (Foto: DC Comics)
Martian Manhunter, Green Lantern, Wonder Woman, Superman, Batman, Flash og Hawkgirl – ei av dei vanlegaste samansetninga av Justice League of America. (Foto: DC Comics)

Gruppa består vanlegvis av Supermann, Batman, Wonder Woman, samt klodens vokter Green Lantern og Flash, verdas raskaste mann. Om dei to siste dukkar opp i filmen er førebels ikkje kjend.

Saman med rykta om Wonder Woman dukka det òg opp snakk om Nightwing (den voksne versjonen av Batmans hjelpar, Robin), ettersom ei prøvespeling ser etter ein «ung John Hawkes-aktig» skodespelar som kan kampsport.

Det er scoop-elskarane i Latino Review som melder dette, som hevdar at figuren er Dick Grayson – i teikneseria Batmans adopterte son og medhjelpar.

Supermann vs. Batman har planlagt verdspremiere den 27. juli 2015.

Kven burde spele Wonder Woman (og Flash, og Nightwing, og så vidare)?