Ein skulle vel ikkje tru at det var noko usagt igjen om hendingane under andre verdskrig. Gjennom spelefilm, TV-seriar, spel, dokumentarar, vitnesbyrd, kvite bussar, og så vidare, har me i snart 70 år fått sett dei fleste sidene av den fem år lange krigen.
Det hindrar likevel ikkje interessa frå å vere stor. History Channel – populært kalla Hitler (and UFOs) Channel – er berre ein av få stader som har undersøkt krigen ned til det ein skulle tru var minste detalj.
Krigens unge hjarte forsøker å vise også det som hendte langt bak fronten – og kva unge tyskarar i krig tenkte. Og den har klart det.
Les også: Seriene og filmene om krig du ikke bør gå glipp av
Fem menneske, fem skjebnar
Fem barndomsvener tek avskjed med kvarandre hausten 1941. Den patriotiske nyutdanna sjukepleiaren Charlotte, soldatbrørne Winter – den dikterske Friedhelm, og den allereie militærdekorerte Wilhelm – den glamorøse Greta, og hennar kjærast, jødiske Viktor, aspirerande kjoledesigner og skreddarson.
Dei lovar at dei skal møtast igjen jula det same året, fordi – som Wilhelm seier – krigen kjem neppe til å vare lenger enn til jul.
Historia vekslar raskt mellom dei ulike hovudpersonane, ein får sjeldan meir fem minutt med kvar av dei om gangen. Likevel blir me overraskande godt kjende med figurane, som går gjennom si stadige forandring. Krigen får ut det verste i dei, og gjer dei alle til ulike personar i løpet av krigsåra.
– Ein må ikkje la seg freiste til å vere menneskeleg. Ingen forblir uforandra, seier den boklærte Friedhelm i ein av seriens viktigaste scener.
Serien har skapt oppstuss, særleg i Polen, der nokre har meint at serien i for lita grad gjer oppgjer med krigen – men i staden dyttar skulda for holocaust over på polakkane. Især er det den polske motstandsrørsla Armia Krajowa som er måla i dårleg lys, ein av dei mindre nyanserte gruppene i serien. Likevel hadde serien gode sjåartal òg då den gjekk på polsk TV.
Les også: Arven etter «Band of Brothers»
Krigens grusomheiter – òg langt bak frontlinjene
Serien, som på tysk heiter Unsere Mütter, Unsere Väter (Våre mødrer, våre fedrar) er omtala som Tysklands Band of Brothers. Eg kan skjøne samanlikninga. I Krigens unge hjarte er det dog meir minnet om samhald som driv figurane framover, enn det gode samhaldet undervegs.
Også her får me sjå krigens grusomheiter, og samtidig ei større forståing av kven som var så forlokka av nazistane sin argumentasjon på 40-talet. Me har nok unyanserte forteljingar frå «vår» av konflikten – det er forfriskande å sjå filmnazistar sin ekte personar, i ulik grad av overtyding.
Me får sjå samfunnet slik det fungerte – og ikkje fungerte – òg utanfor krigens krysseld. Dei raske vekslingane driv serien framover, men kan kjennest litt vel flyktige og tilfeldige til tider. Det kan bli litt mange figurar i Krigens unge hjarte – eller lat meg omformulere – det vert for mange små bifigurar eg skulle ynskje eg visste meir om.
Serien er herleg befriande for flashbacks – ikkje eit einaste tilbakeblikk til ein unge med klarblåe auge som stirer på ei eller anna urett tidleg i livet som liksom skal forklare alt – og nyttar ingen tid på å forklare det som hendte før 1941.
Dei tre episodane på til saman 4,5 time vert nesten for lite til å fortelje det heile. Ei truverdig, mørk og nyansert historie – med skodespelarar eg trur på.
Anmeldinga er basert på alle 3 episodane i serien.