Alle regissørar og historieforteljarar er utstyrt med eit utval av knappar for å få oss til å føle. Nokre veit ikkje om alle knappane sine, men klarer å treffe dei rette likevel.

Nokre veit om alle tastetrykka, og trykkjer inn absolutt alle samtidig – som ein treåring framfor eit piano. Regissør Stephen Frears (The Queen, High Fidelity) har full oversikt, og trykkjer ofte rett stad.

Godt hjelpt fram av gode skodespelarar har han laga ein film som landar akkurat i tide før Oscar-racet knepper seg til, og det skulle ikkje forundre meg om det vert ei form for utteljing.

Philomena. (Foto: Scanbox)
Philomena. (Foto: Scanbox)

Intervju med Frears: – Amerikanerene er født til nærbilder

Ei nesten sann historie

Philomena Lee (Judi Dench) har bært på ein løyndom i 50 år. Bornet ho fødde på eit kloster på den irske landsbygda vart adoptert vekk, men ingen veit om det – ikkje ein gong hennar vaksne dotter. Då det etter kvart kjem ut får ho hjelp frå journalisten Martin Sixsmith (Steve Coogan) – nyleg sparka frå sin eksisterande jobb.

Saman vert dei eit umake par i jakt på sanninga. Den uutdanna kioskromanelskaren med ei sterk kristentru, og kynikaren med eit hav av fine ord og eit lite bibliotek heime.

Den ekte Martin Sixsmith skreiv ei bok om den like ekte Philomenas jakt på sin eigen son, som greip filmskaparane nok til å lage ein film av det. Litt er historia endra likevel, spesielt i skapinga av filmens «skurk», som i røynda døydde lenge før historia tek stad. «Basert på ei sann historie» er som vanleg eit flytande omgrep.

Det hadde vore litt for lett å gjere dette til eit mørkt drama om den katolske kyrkja sine gjeremål på midten av 50-talet, men manuset gjer dette i utgangspunkt til ein «road movie» som samtidig speler på kulturkrasjet mellom våre to hovudpersonar – utan å gi nokon av dei eit overtak, sånn sett.

Anmelding: Notes on a scandal: – Fortelles drivende godt og spilles enda bedre av Dench og Blanchett

Philomena med Judi Dench og Steve Coogan. (Foto: Scanbox)
Philomena med Judi Dench og Steve Coogan. (Foto: Scanbox)

Fantastisk Dench

Filmen stikk hit og dit, og plasserer slag på trivielle ting som Philomenas sexliv og Martins forkjærleik for russisk historie – til konservative parti sin AIDS-politikk og den katolske kyrkja si dekking av fortida. Historia er godt spunne, dels skrive av Steve Coogan sjølv saman med Jeff Pope (The Fattest Man in Britain), og med eit allereie spennande grunnlag i den sanne historia.

Dei katolske nonnene i Philomena. (Foto: Scanbox)
Dei katolske nonnene i Philomena. (Foto: Scanbox)

Frears kjenner knappane han skal trykke på, og sjølv om manus til tider henfell litt til stereotypar er det eit varmt og koseleg portrett av dei to me får. Steve Coogan er best kjend frå dei småpinlege komediene – som Alan Partridge – men viser at han òg beherskar dramaet i denne filmen.

Judi Dench er no på eit slikt nivå at du kan gi ho ei raud topplue, be ho spele eit jordbær, og ho vil forbløffe og vinne prisar for sin fantastiske innsats. I Philomena speler ho tittelkarakteren såpass nedpå, sobert og bestemoderleg at det er ei fryd. Utan tvil eit Oscar-agn, men eg bit på utan problem.

Der mange andre regissørar kanskje hadde heldt nede sentimentalitetsknappen heile vegen – letner Frears litt på trykket med rett mengd avvæpnande humor. Philomena er ingen helgen, Martin er ingen riddar – men saman er dei eit velbalansert lag mot eit felles mål.

Om FILMEN

Philomena
  • Philomena
  • Slippdato: 14.11.2013
  • Regi: Stephen Frears
  • Utgiver: Scanbox
  • Originaltittel: Philomena
  • Sjanger: Drama, Komedie