Narkotikabruk, vald, språkbruk. Ting det er vanleg at kinoane opplyser om at er i filmen, via Medietilsynets rangering av kinofilmar. No har den svenske kinoen Bio Rio – ein arthouse-kino i Stockholm – i tillegg lagt til ei ny form for rangering på alle filmane dei visar, nemleg om dei har aktive kvinner i historia.
Den såkalla Bechdel-testen vart skapt av teikneserieskapar Alison Bechdel i 1985. Om to namngitte kvinner i ein film snakkar saman om noko anna enn ein mann består dei «The Rule».
– Me ser for sjeldan ein kvinneleg superhelt eller kvinneleg professor eller person som går gjennom interessante opplevingar og meistrar dei. Målet er å få sjå fleire kvinnerelaterte historier og perspektiv på kinolerretet, seier kinosjef Ellen Tejle til Associated Press, som legger til at rangeringa ikkje seier noko om kvaliteten eller kvinnesynet i filmen elles.
Om ein film består Bechdel-testen vil den få eit A-merke av kinoen.
I Sverige har rangeringa fått merksemd, og god omtale av blant anna det svenske filminstituttet. Viasat Film i Sverige har no planlagt ein A-godkjend kveld den 17. november, med filmar som Hunger Games, Iron Lady og Savages på plakaten.
Les også: Tre TV-damer du kommer til å elske
«Transformers» består, «Løp Lola Løp» får stryk
Det er ikkje eit sikkert kvalitetsteikn på ein film om den består testen – verken for feminismen eller filmhistoria sin del. Filmar som Transformers og Expendables 2 består med glans. Både testen i seg sjølv, og kinoens avgjersle, har òg fått kritikk for valet sitt.
Den svenske filmanmeldaren Hynek Pallas kritiserer det statlege filminstuttet for å stille seg bak tiltaket:
– Det er altfor mange filmar som består Bechdel-testen som ikkje hjelper samfunnet i det heile teke med å bli meir likestilt eller betre – og mange filmane som ikkje består, men som er fantastisk på nettopp det, seier han.
Fleire gode filmar – òg framheva som gode kvinnehistorier – til dømes The Terminator, Mulan og Løp Lola Løp – får stryk. Det same gjer blant anna Star Wars, Ringenes Herre og Oscar-vinnar Hurt Locker.
Poenget med testen har dog aldri vore at alle filmar skal bestå den, men at den visar skeivfordelinga i kva historier filmselskapa vel å satse på. Tejle hevdar rangeringa i hovudsak har fått gode tilbakemeldingar frå publikum.
– For nokre har det vore ein augeopnar.
Består dine favorittfilmar? Sjekk på Bechdeltest.com.