Regissør Christopher Nolan er besatt av besettelse. Det er eit gjennomgåande tema i fleire av filmane hans, heilt sidan før Memento, gjennom The Prestige, og det var nok noko av årsaka til at han fekk lage filmane om Batman – ein mann så besatt av drapet på foreldra sine at han utviklar nærast overmenneskelege evner.

Etter fjorårets The Dark Knight Rises har det drypt med interessante skodespelaransetjingar og historiehint frå den komande filmen hans, Interstellar. Filmen omhandlar oppdaginga og reisinga mot eit såkalla ormehol i verdsrommet – som teoretisk sett kan kople saman ulike stader i tid og rom, og gjere det mogeleg å reise raskt over lange distansar.

Kvifor menneska er så bestemt på å reise ut er endå ikkje forklart, men det er spekulert i at det kan ha med ein mangel på maisavlingar å gjere. No er den første teasertraileren her, ein stemningsskapande monolog om pionerverksemd i verdsrommet av Matthew McConaughey.

Og for ein gongs skuld er det trailer for ein storfilm som fremmer nysgjerrigheit, ei kjensle av kva regissøren ynskjer å formidle, framfor ei rekkje filmklipp som spolerer heile historia med ein gong.

Anmelding: Inception: – Fantastisk film om de mørke drømmene våre

(artikkelen fortset under videoklippet)

Stort rollegalleri

Rett nok er dette berre ein teaser, men det er likevel sjeldan å sjå ein trailer som fortel så lite om sjølve filmen – men samtidig klarar å setje ei såpass sterk atmosfære. Manuset er skrive av Christopher Nolan og broren Jonathan – basert på fysikaren Kip Thorne sine teoriar om temaet.

Alt McConaughey ville seie om Nolans forhold til filmen då han vart intervjua om Dallas Buyers Club for ei tid tilbake var:

– Han veit kva han vil ha.

I tillegg til Matthew McConaughey er blant anna Ellen Burstyn (Requiem for a dream), Casey Affleck (Gone baby gone), Jessica Chastain (Zero Dark Thirty), og Topher Grace (That 70s Show). I tillegg får me sjå ein del skodespelarar Nolan har nytta tidlegare, både Anne Hathaway (Dark Knight Rises) og Michael Caine (Siderhusreglene) har òg hittil ubeskrivne roller i Interstellar.

Interstellar har verdenpremiere mot slutten 7. november 2014.