Ein film om Queen-vokalist Freddie Mercury har vore under utvikling i fleire år. Etter mykje fram og tilbake er det no endeleg klart at Ben Whishaw (Skyfall, Parfymen) skal spele den karismatiske vokalisten, med nyvald regissør Dexter Fletcher (Lock, Stock and Two Smo Barrels, Brothers in Arms), melder Deadline.

Tidlegare prosjektbeskrivingar har omtala filmen som historia om korleis bandet møttest, men det er framleis usikkert kor nært og ærleg filmen vil gå inn på dei verkelege hendingane.

Filmen skal slutte ved bandets konsert på Live Aid i 1985, og dermed ikkje gå inn på Mercury sine siste dagar.

Queen-vokalist Freddie Mercury i 1986. (Foto: AP Photo/Marco Arndt)
Queen-vokalist Freddie Mercury i 1986. (Foto: AP Photo/Marco Arndt)

Les også: Topp 5: Biografiske musikkfilmer

Strid om hovudrolle

Lenge var det Sacha Baron Cohen (Les Misérables, Borat) som var tiltenkt rolla, men tidlegare i år gjekk han vekk frå prosjektet på grunn av såkalla «creative differences» – ulike tankar om kva filmprosjektet skulle bli.

– Me følte at Sacha ikkje var rett for rolla. Me vil ikkje at filmen skal bli ein vits, men heller at den skal røre folk, sa Queen-trommeslagar Roger Taylor i september.

Cohen skal etter sigande ha vilja lage ein langt meir avslørande film om den homofile frontmannen, som døydde av lungebetennelse etter komplikasjonar frå Aids i 1991.

Manusforfattar Peter Morgan (Frost/Nixon, Rush) har tidlegare uttalt at filmen neppe ville hende utan Cohen, men er framleis knytt til prosjektet.

Les også: Sacha Baron Cohen hoppar av Queen-film

Startar innspeling i 2014

Med attlevande Queen-medlemmer med på produsentsida i filmen har det vore lettare å få rettane til bandets mange songar, og Deadline melder at blant anna «Bohemian Rhapsody», «We Will Rock You», «We Are the Champions» «Another One Bites The Dust» og «You’re My Best Friend» er mogelege å hente inn i filmen.

Regissør Dexter Fletcher er kanskje best kjend som skodespelar, men er nyleg ferdig med regien på musikalen Sunshine on Leith, basert på ei kjend Proclaimers-låt (dei som syng «and I would walk 500 miles», veit du). Ben Whishaw er ein oppadstormande skodespelar, som tok over rolla som James Bonds tekniske geni Q, og blant anna har spelt i TV-serien The Hours.

Whishaw skal ha møtt Queen for å få ei kjensle av kven Mercury var og korleis figuren skal vere. Filmen skal etter planane starte innspeling til neste år, men har inntil vidare inga fastsett premieredato.

Kva trur du om Ben Whishaw som Freddie Mercury?