Jonah Hill (Superbad, Moneyball) er som skodespelarar flest, som lengtar etter å få arbeide med regissør Martin Scorsese (Taxi Driver, The Departed). Faktisk såpass mykje at han gjekk for minsteløn, 60 000 dollar, då han sa ja til Scorseses komande film, The Wolf of Wall Street.

– Dei gav meg den minste summen pengar som er mogeleg, sa Hill til radioprogrammet Howard Stern Show, ifølgje Deadline.

– Det var tilbodet deira, og eg sa, ‘Eg signerar det i kveld. Faks dei papira no. Eg signerar dei i kveld før dei forandrar meining. Eg vil signere det før eg legg meg i kveld, slik at dei ikkje kan endre meining.’

Rundt 370 000 kroner, eller 60 000 amerikanske dollar, før skatt er det minste ein skodespelar kan ta for 7 månader med jobb – for at produksjonen skal godkjennast av det amerikanske skodespelarlauget (SAG).

Les også: Så mye effekter er det i «Wolf of Wall Street»

DiCaprio tok halv løn

Også hovudrolleinnehavar Leonardo DiCaprio (Inception, Titanic) har teke ei låg løn til han å vere – rundt 60 millionar kroner, ifølgje Hill, til ein skodespelar som vanlegvis kan vente minst det dobbelte.

Filmen har ellers eit budsjett på rundt 600 millionar kroner. Hill avslører at dette utelukkande var – vel, ja – fordi det var ein Scorsese-film.

— Eg ville ha solgt huset mitt og gitt alle pengane mine for å arbeide med han. Det er ikkje dette ein tener pengar på, seier Hill.

– Ein gjer 22 Jump Street eller andre ting for å betale husleiga. Dette handlar ikkje om pengar, du burde gjere ting du bryr deg om.

Den låge løna har tydelegvis betalt seg då Hill fekk sin andre Oscar-nominasjon førre veke. Det fekk også Leonardo DiCaprio, og manusforfattar Terence Winter. The Wolf of Wall Street får premiere på norske kinoar den 31. januar.

Kva synest du om Jonah Hill?