Før helga justerte Nintendo ned prognosane på antal selde Nintendo Wii U frå 9 millionar til 2,8 millionar einingar i løpet av finansåret 2014. Samtidig kutta dei mengda forventa selde 3DS-ar i same tidspunkt frå 18 millionar til 13,5 millionar.

No har aksjemarknaden i Japan fått reagere på hendinga, og investorane verkar ikkje å like det dei ser. Aksjane falt straks med med 18 prosent, før dei gjekk opp igjen og enda med ein nedgang på 6,2 prosent før børsen stengde for dagen, ifølgje BBC.

I den same justeringa skrudde Nintendo ned eit forventa driftsoverskot på 5 milliardar kroner, til eit forventa driftsunderskot på 2 milliardar kroner, grunna lågare sal. Salsinntektene vil derimot framleis vere gode pengar for selskapet, dog ikkje like høgt som forventa. Tidlegare i januar sat Nintendo framleis på ein større samla marknadsverdi enn heile Sony til saman.

Saturo Iwata. (Foto: Nintendo)
Saturo Iwata viser fram Nintendo Wii U. (Foto: Nintendo)

Les også: August, 2013: Wii selger bedre enn Wii U

Ser på mogelegheita for smarttelefonmarknaden

I direkte konkurranse med Xbox One og Playstation 4 som vart lansert på tampen av fjoråret vert Nintendo tvungne til å tenkje nytt. Som eit resultat av nedjusteringane, og det forventa driftsunderskotet, har Nintendo-sjef Saturo Iwata no uttalt at dei ser på nye plattformer for å utvikle Nintendo-innhald:

– Me kan ikkje drive butikk utan inntekt. Me tenkjer på nye strukturar. Med utvidinga av smarte einingar, ser me sjølvsagt på korleis slike kan bli brukt for å tene spelsatsinga vår. Men det er ikkje så enkelt som å late Mario bevege seg på ein smarttelefon.

I mars i fjor melde Iwata at han håpte at nye spel som Super Mario 3D World, Pikmin 3 og The Wonderful 101 ville snu trenden for Wii U, det har altså ikkje vore nok. I løpet av året lanserer Nintendo spel som Super Smash Bros, Mario Kart 8 og Bayonetta 2.

Les også: 2013s 10 beste spill: – «Super Mario 3D World» er spillet som Wii U-konsollen burde hatt allerede for ett år siden

Er Mario på smarttelefonar framtida for Nintendo? Legg att di meining under videoen.