Tredje sesong av BBCs Sherlock er godt i gang (ikkje så vanskeleg når det berre er tre episodar), og mange er spent på framhaldet til den moderne versjonen av den skarpe privatdetektiven. Under ei BAFTA-visning av den siste episoden av TV-serien i natt, kunne serieskaparane Mark Gatiss og Steven Moffat avsløre at dei har planlagd hendingane for vidare sesongar.

– Me gjekk ut av regnet og sette oss på produksjonsbussen, og me byrja å skrive handlingane for kva me kan gjere i framtida. Og me har plotta heile fjerde og femte sesong, sa Moffat ifølgje Radio Times.

Tidlegare har både Benedict Cumberbatch og Moffat anerkjend kontraktar for fleire sesongar, men det er ikkje uvanleg at slikt er på plass tidleg – for å forhindre at nøkkelskodespelarar forsvinn til større roller.

Mark Gatiss og Steven Moffat. (Foto: Ethan Miller/Getty Images/AFP)
Mark Gatiss og Steven Moffat. (Foto: Ethan Miller/Getty Images/AFP)

Les også: Cumberbatch sier ja til mer Sherlock

– Eg trur me har nokre blinktreff!

Moffat er i tillegg kjend for vere glad i å hemmeleghalde planane sine, i forfjor bekrefta han først tredje sesong like etter cliffhangeren i siste episode av andresesongen var ferdig. Denne gongen var han overraskande tidleg ute.

– Planane våre plar ikkje vere ‘La oss sprenge verda, eller hyre inn den mest berømte personen i verda’, dei er heller ‘Kva spennande tvistar og svingar kan me legge til dette?’. Og eg trur me har nokre blinktreff! Ideane me hadde den dagen var nokre av dei beste me har hatt.

Ingenting av dette er dog godkjend eller spelt inn enno, så fans og nysgjerrige må nok raskt vente til tidlegast 2015 før ein får sett meir av detektiven. BBC bekreftar sjeldan nye sesongar før ein eksisterande er ferdig.

Anmelding Sherlock S03 E01: – Privatdetektiven er like skarp som før, om enn litt meir sjølvbevisst

For det detaljopptatte publikum

Det er ikkje overraskande at dei lovar ting tidleg, ettersom tredje sesongs første episode slo sjåartalsrekord då den vart vist på BBC1 den 1. januar.

I vår anmelding av første episode skreiv me at serien er meir sjølvbevisst denne gongen, og Moffat har fått spørsmål om den ikkje er framandgjerande for den gjengse sjåar.

– Eg trur at om du antek at publikum er intelligent og følgjer med på detaljane, så får du eit veldig suksessrikt drama!

Tredje episode av denne Sherlock-sesongen går på britiske BBC på sundag, andre episode går på NRK på fredag. Og apropos smådetaljar? Følg nøye med på brura når ho les takkekorta sine.

Kva synest du om tredje sesong av Sherlock så langt?

Hei! Les dette før du skriver en kommentar:
Vi vil gjerne ha engasjerte debattanter og setter pris på konstruktive bidrag til samtalen. Det er lov å være kritisk eller uenig, men hold deg til tema og vær saklig i dine begrunnelser (husk at det er lett å bli misforstått). Personangrep og trakassering er ikke greit - slike innlegg blir slettet. Vi vil også gjerne at du bruker ditt fulle navn når du kommenterer. Takk for dine bidrag, hilsen oss i P3 Filmpolitiet.