Bruce Dern ville eigentleg bli olympisk løpar, og prøvde å kvalifisere seg for OL-laget i 1956. Rundt denne tida sprang han mot mange av verdas beste løparar, blant anna norske Audun Boysen. Men det vart skodespelarkarriera som til slutt tok han.

I hans siste film, Nebraska, speler Dern den nestensenile Woody, i si første hovudrolle på 25 år. Oscar-nominasjonen takkar han regissør Alexander Payne (The Descendants, Sideways) for:

– Så mykje av det du ser meg gjere på skjermen er Alexander si forteneste, fordi han utfordra meg til å risikere det, til å gå på kanten av stupet kvar einaste dag, seier ein intens Dern til Filmbonanzas Vegard Larsen.

Dern set Payne høgast blant alle regissørane han har arbeidd med. Og det er litt av nokre namn å hamne i same klubb som: Alfred Hitchcock (Family Plot), Elia Kazan (Wild River), Doug Trumbull (Silent Running), Francis Ford Coppola (Twixt) og Quentin Tarantino (Django Unchained) er nokre av dei store filmskaparane han har gjort roller for.

– Det er fordi han er der med meg. Payne er den beste. Dei andre dyttar deg ut i risikoen og fangar deg med eit sumarfuglnett. Alexander dyttar deg – og når du dett, fangar han deg i armane, bér deg opp igjen til kanten, held deg i handa og seier: ‘Lat oss skape magi’. Det er skilnaden.

Les også: Payne vil lage komedie: – En veldig ambisiøs spesialeffektkomedie som begynner og slutter i Norge

Kjem ikkje på norske kinoar før i mai

Best er han kjend for sine mange tolkingar av ustabile figurar. I Coming Home (Hjemkomsten) fra 1978 vart han Oscar-nominert for rolla som ein heimkomen, desillusjonert Vietnam-veteran.

Dern fekk òg mykje merksemd for rolla som gangsteren i Jason Staebler i The King of Marvin Gardens i 1972, og me i Filmpolitiet hugsar han gjerne som smårar biolog i sci-fi-filmen Silent Running.

Tarantino tok Dern med i Django Unchained, og kalte han ein nasjonalskatt, «ein av USAs store skodespelarar». I ei karriere som spenner over sju tiår har han gjort mange ulike typar og sjangrar sidan hans første rolle som 24-åring i 1960. Med så mange år på baken må han vel ha nokre visdomsord til unge skodespelarar i dag?

– ‘Ver oppmerksam’, ‘Det er eit maraton’, ‘Få det så raskt du kan’, ‘Sjå på det store biletet’, og ‘Slutt å sentrer alt rundt deg sjølv’, ‘Ta inn impulsar frå andre mennesker’, og ‘Lær å danse’, som i at du må kunne danse rundt problema i livet ditt, og ikkje ta alt så personleg. Det er tinga eg ville ha fortalt til nokon på den alderen.

Nebraska var opphavleg ikkje tiltenkt å gå på norske kinoar, kanskje var svart-kvitt-uttrykket anteke som for smalt for eit større publikum. Etter Oscar-nominasjonen vart offentleg vart filmen satt opp og skal no ha premiere den 2. mai 2014.

Les også: Slik vinner du Oscar | Dette er årets Oscar-nominasjoner

Filmbonanza har Oscar-spesial torsdag kveld, klokka 20.55 på NRK2! Natt til måndag følgjer Filmpolitiet Oscar-utdelinga på våre nettsider frå midnatt.

Aktuelt og spennande spørsmål?