Animasjonsfilmen bygd på dei tradisjonelle Lego-klossane går ut som helgas vinnar. På norske kinoar var den helgas mest sette film med 37507, litt framfor Tommy Wirkolas Død snø 2 som enda med 24 550.

Lego-filmen troppar allereie opp som ein av årets overraskingar, ein animert film basert på leiketøy er ikkje nødvendigvis noko ein antek er både ein god film og ein publikumssuksess, men denne verkar å ha klart brasane. Filmen har fått god mottaking både i Noreg og internasjonalt.

Lego-filmen på 99%, med årets Beste film-nominasjonar i ei rekkje under. (Foto: Skjermdump frå Rotten Tomatoes)
Lego-filmen på 99%, med årets Beste film-nominasjonar i ei rekkje under. (Foto: Skjermdump frå Rotten Tomatoes)

Blant anna fekk den merksemd då den på anmeldaraggregatoren Rotten Tomatoes hadde betre samla prosentsum enn absolutt alle dei nominerte til Beste film for årets Oscar (seinare har den falt nokre prosentpoeng, ned til 96 %).

Den låg òg på kinotoppen i USA i førre vekes tredagershelg.

Anmelding: «Lego-filmen»: – Eit herleg legosentrisk verdssyn

Slo nazizombiar og børsspekulantar

Med ei slik mottaking dunkar den allereie på døra for neste års Oscar-race, iallfall i Beste animerte spelefilm-kategorien (animasjonsfilmar i Beste film-utdelinga er hakket meir sjeldan).

Filmen «bevarer ein kreativ kultur i beste evne,» skreiv eg i mi anmelding av filmen. «Eg får lyst til å gå heim og byggje – noko nytt og sprekt».

Dei resterande på lista over helgas kinovinnarar var, i tillegg til lego og nazizombiar, Scorseses The Wolf of Wall Street på tredjeplass med 22 500, den norske barnefilmen Karsten og Petra på vinterferie med 14 591, og den Clooney-regisserte verdskrigsfilmen The Monuments Men.

Kva filmar såg du i helga (om du klarte å rive deg vekk frå House of Cards, altså)?

Her er forresten ein liten film med tabbeklipp frå Lego-filmen.