Oppdatert: Dette gjeld ikkje PC-versjonen av spelet, ifølgje Eurogamer. Tyskland verkar å vere opphavet til sensuren, og vil få sin eigen versjon i Steam.

Den 6. mars kjem spelet South Park: The Stick of Truth, etter lang tids forseinking (grunna finansiell trøbbel for tidlegare utgivar THQ). Spelet som er utvikla saman med Obisidian er ein parodi på rollespelsjangeren, basert i South Park-universet serien har gått føre seg i sidan 1997.

Men det er ikkje alle som får sjå spelet slik det opphavleg er. Nokre scener vert nemleg sensurert også frå EMEA-versjonen (Europa, Midt-Austen og Afrika – journ.anm.) som i utgangspunktet også inkluderar Noreg, melder BT.com.

– Det var ei marknadsavgjersle, seier David Antell, Ubisofts nordiske representant til NRK.

Ein del av rapporten frå Ubisoft. (Foto: Ubisoft)
Ein del av rapporten frå Ubisoft. (Foto: Ubisoft)

Les også: Utsatt «South Park»-spill truer tidligere spillgigant

Blant det som vert teke vekk er fleire analprobescener (som serien var innom allereie i sin aller første episode, Cartman gets an anal probe), og diverse minispel der abortar på menn blir utført.

Desse scenene skal vere erstatta med beskrivande tekstplakatar som er skrivne av skaparane Trey Parker og Matt Stone.

Glade i å sjokkere

Dei same delane er også fjerna frå den australske versjonen av spelet, men der er det tidlegare rapportert (via Gamespot) at dei skal bli erstatta med ein gråtande koalabjørn. Australia er likevel kjend for å vere strengare på sensur av dataspel enn resten av verda.

South Park er velkjend for sine mange forsøk på å sjokkere publikum, men har sjeldan blitt sensurert då skaparane ynskja å ha med Mohammed som ein karakter, saman med blant anna Jesus og andre som superheltlaget SuperBestFriends, i episoden 201.

Serien har òg i Noreg ført til klager, både då serien gjekk på NRK og seinare på TV2 Zebra. Alt dette til trass for at både spelet og serien er rekna for å ha 18 års aldersgrense.

Les også: Les klagene «The Simpsons» og «South Park» har fått oppgjennom åra

South Park: The Stick of Truth er kjem til norske marknader den 6. mars.

Kva trur du om situasjonen?