I offentlege postlister er det mykje interessant, mykje viktig, og mykje frykteleg keisamt. Innimellom alle søknadane for utviding av garasje og førespurnader etter pennar med kommunelogo finn ein derimot nokre gullkorn. No har Federal Communications Commission, USA sitt tilsvar til delar av Medietilsynet, offentleggjort lister over klager på TV-programma South Park og The Simpsons.

Dokumenta viser klagene som har kome inn til programma dei siste tre åra, og – ikkje overraskande – dokumentet om South Park er absolutt lengst, og – ikkje overraskande – nokre av klagene kjennest litt overfølsomme.

– Mr. Simpson var i huset sitt fullstendig naken, og gjekk ut av huset naken medan naboen vatna graset. Så sprang kona hans ut av huset og forsøkte å dekke han til med eit handklede.

«No groin, no Krav Maga!»

Fleire reagerte òg på ei spesifikk scene der Bart Simpson vert sparka gjentekne gonger i skrittet under ein slåstkamp.

– Eg var sjokkert over å sjå seksuell vald når ein israelsk teikneseriefigur nytta kneet til å treffe skrittet til guten fleire gonger. Tenk om det var Bart som sparka i skrittet til jenta!

– Eg ber om at de vernar våre unge mot visningar av slik vald, som absolutt kan lede til psykiske skader, og at de straffar dei skuldige.

Éin ber òg om at ei hending som viser senkinga av skipet USS Indianapolis, og dei 300 som døydde av haiangrepet deretter, vert teke vekk – av omsyn til dei som døydde i 1945. Kanskje den mest sobre av klagene, for her er det mykje rart.

– I Don’t Think So, Mr. Simpson, Because I Would Make 20th Century FoX Film Corporation Take This Evil Show Off The Air Only To Get Small Wonder Back Onto The Channel Every Sunday Night.

Frå den sendte versjonen av South Park-episoden «Super Best Friends».
Frå den sendte versjonen av South Park-episoden «Super Best Friends».

– Det var ein episode av The Simpsons som visar marijuanablader bli mata til eit tog som drivstoff. Dette er veldig trist sidan det glorofiserar narkotikabruk til borna som ser på.

Éi klage skil seg ut til «South Park»

South Parks klageliste er som nemnt lengre, og det verkar som om det er éin veldig engasjert sjåar i Denver, Colorado som har som mål å klage på alle stygge ord i serien. Ellers florerer klager i båe dokumenta over skildring av seksuelle handlingar og religionsspotting av ulikt slag.

Éin sjåar skil seg derimot ut den andre vegen, han meiner at South Park-kanalen Comedy Central feiga ut då dei valde å sensurere Mohammed i ein episode av serien i 2007.

– Eg ber om at episoden blir gjensendt usensurert for å la Comedy Central gjere godt for uanstendigheitene, og for å gjenopprette kvaliteten på det beste programmet på TV: South Park.

Du kan sjå båe dokumenta på nettsidene til Governmentattic.org – Simpsons og South Park.

Også i Noreg har det vore kontrovers rundt TV-serien. I 2001 fekk NRK krav av Medietilsynet om å sende South Park på eit seinare tidspunkt på kvelden, og i 2009 fekk TV2 Zebra beskjed om det same – å halde serien til etter det såkalla «vasskiljet» etter 21.00 på kveldstid.

Har du nokon gang klaga formelt på eit TV-program?